Veke 7

Kast børa di på Herren!

Kast di bør på Herren,
han vil sørgja for deg!
Han let aldri den rettferdige vakla.
n

(Salme 55, 23)

n

Skal eg bera sekken for deg? Hugsar eg fekk det spørsmålet på ein fjelltur då eg var ein ung gut. Spørsmålet kom frå ein som såg at eg sleit. Eg sleit med å halda følgje med dei andre, og sleit med motivasjonen til å gå vidare. Eg hadde mest lyst til å gi opp.

n

Har du ei bør som er for tung? Har du tunge ting i livet som slit deg ut? Bibelordet i dag oppfordrar oss til å kasta slike bører av. Gi børa til ein som er sterkare enn deg. Er det mulig? Ja, det er faktisk mulig. Han som skreiv bibelordet erfarte det sjølv. Han opplevde at børa kunne leggjast over på Herren. Han opplevde at ved å leggja av den tunge børa kom livet i ballanse att. 

n

Herren har omsorg for deg. Han vil sørgja for deg. Han seier om att dette til oss frå sin eigen munn: ”Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!” (Matt. 11, 28) 

n

Jesus er Herren som har bærekraft for alle bører. Han vil sørgja for at du klarer heile turen. Heilt til mål. Du må gå sjølv, men han vil vera med deg, og han vil bera børa for deg. Og han går der trufast ved sida av deg, i same tempo som deg. Går når du går. Støttar deg når du vaklar. Løfter børa av. Våkar over deg når du kviler. Alltid klar og alltid med. Overalt til alle tider. 

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *