Veke 9

Brøytepinnar.

n

Det vart ein spennande tur med bil over fjellet. Stiv kuling og snøføyke. Måtte stoppe fleire gonger for å vente på sikt til å kjøre. Vegen var nesten usynleg, men brøytepinnane fortalde oss kvar den gjekk, og så lenge vi held oss mellom desse var vi på sikker veg.

n

På godvêrsdagar tenkjer du nesten ikkje over at dei er der, brøytepinnane. Du suser over fjellet i solskin, og du kan lure på om det er nødvendig med all denne merkinga langs vegen. Men den dagen du treng dei, forstår du kvifor dei er der, og du veit at du ikkje ville klare deg utan dei.

Av og til er det stiv kuling i det levde livet, gjerne som resultat av vanskelege livssituasjonar og livskriser. Då kan det vere nødvendig å senke farten, kanskje stoppe opp, og sjå etter brøytepinnar som kan vise vegen vidare. 

n

Guds ord fungerer som brøytepinnar i livet. Eg har erfart det sjølv, og i vanskelege livssituasjonar har enkelte bibelord vore til stor hjelp for livsvandringa. Og det er gjerne slik at dei ulike livssituasjonane har kalla fram ord frå minnet, ord som eg knapt kan huska å ha lagt merke til då det var full fart og solskin langs vegen. Eg er utruleg takknemlig for at nokon har tenkt på å setje opp brøytepinnar, både langs riksvegen og livsvegen.

n

”Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig.” (Salme 119, 105)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *