Veke 10

Enno er det vinter

n

Det er enno vinter, men vårteikna gjer seg så smått gjeldande. Naturen gjer seg klar til vårslepp. Skulle ikkje tru det, men vi veit av erfaring at det kjem til å skje på nytt. Noko heilt nytt skal skje. Nye spirer, nye knoppar, nye friske fargar, nye fugleungar, ny fuglesong.  Og mykje meir. 

n

To dagar på rad har eg vorte minna om eit bibelord. Dette vil eg dela med deg i dag: 

n

”Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka.” (Jes. 43, 19)

n

Profetiske ord. Ord om nye ting. Ord om forandring. Ord om fornying. Det ufruktbare skal bli fruktbart. Det tørre skal få friskt vatn. Det som er dødt skal få nytt liv.




n

Når livet vert ein skugge av det som ein gong var, 

n

når ingen roser blømer i ditt sinn, 

n

løft augo opp til himlen, til han som er din Far. 

n

Han kviskrar til ditt hjarta; Du er min.

n


 

n

Når gjennom ville heia du heilt åleine går, 

n

når alle stjerner sloknar på din veg, 

n

då strålar enn i natta ei stjerne rein og klår, 

n

frå dag til dag ho trufast leier deg. 

n


 

n

Når frosten drep kvar spire, når angsten grip di sjel,

n

når båten driv omkring på opprørt hav, 

n

då står ein kross og lyser, om Jesus han fortel, 

n

og om det nye livet han deg gav.

n


 

n

To hender lyser i mørket. 

n

To hender som vil bera deg når du sig i kne. 

n

To hender, to naglemerkte hender,

n

skal føra deg til kvile og fred.

n

(Haldis Reigstad)

n


 

n

God helg!

n

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *