Veke 11

n

Er du glad i å trene? Liker du å bruke kroppen og å holde deg i form?

n


n

Det er mange som bruker tid og ressursar på å styrke kroppen. Det kostar både tid og innsats, og du får betalt etter kor målretta og hardt du jobbar. Du får styrke i kroppen som fortent, etter innsats og investering. 

n


n

I Guds ord møter vi eit anna prinsipp. Eg får tildelt styrke av Guds nåde.

n


n

Så ver då sterk, barnet mitt, ved nåden i Kristus Jesus.”(2. Tim. 2,1)

n


n

Dette er ein anna styrke, og oppnådd ved eit anna prinsipp. Det er ikkje nådegåva di, naturgåvene dine, tenesta di eller personlege eigenskapar som gir deg åndeleg styrke. Denne styrken får vi gratis — av nåde. Nåden i Kristus er din styrke. Ta i mot med takk. I ein song av Haldis Reigstad heiter det: “Ingen ting i meg eg har, som held mål for Gud min Far. Men det syng i sjela mi: NÅDEN FÅR EG KVILA I.” 

n


n

Kvil i den styrken! Kvil i nåden!

n


n

God helg!

n

n

 

n

n

 

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *