Veke 15

Eg vil ut og fiska

n

”Eg vil ut og fiska.” (Joh. 21, 3) Peter fekk fleire av venene med seg. Ut på fiske. Tilbake til det gamle yrket. Tilbake til det han kunne. Dei var ute heile natta. Og dei fekk ingen ting. 

n

Det er tidleg morgon i grålysninga: ”Har de ikkje noko å eta?” Har de ikkje fått fisk?” Nærgåande spørsmål til trøytte fiskarar utan fangst. Kan tenkje meg at stemninga var mutt.

n

”Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få fisk.” Sa han høgre sida? Kva betyr det om vi kastar på høgre eller venstre sida? Blir det ikkje omtrent same sak? Ikkje akkurat brei, denne båten…. Fantastisk  bra forslag…

n

Men garnet vert kasta ut. På høgre sida. Og fangsten er formidabel. Det begynner å demra for Peter og dei andre læresveinane. Det er HAN. Herren Jesus. Han som får ting til å skje når han talar. 

n

Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. Kvifor ville han at vi skulle fiska, når han sjølv alt hadde ordna med fisk? Kanskje lurte dei på dette, der dei sat ved bålet og fekk servert ferdig steikt fisk. 

n

Nokre dagar seinare kjem Jesus med eit nytt radikalt forslag, ja meir ei befaling: ”Gå ut og gjer alle folkeslag til læresveinar.” Fleire fiskehistorier  med Jesus passerer hukommelsen til læresveinane. Og det er særleg ei oppleving som kjem til dei. Det er dei merkelege orda han sa til dei første dagen han møtte dei:  ”Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar.”  (Matt. 4, 19)

n

Det handlar om å følgje Jesus, tru på orda hans, og gjere etter dei. Då kan det utruligaste skje.

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *