Veke 20

Ande og kraft.

n

 ”Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.” (Apgj. 1, 8)

n

Den heilage ande og kraft høyrer saman. Den heilage ande gir disiplar kraft til å fungera som etterfølgjarar av Jesus. Utan krafta som Anden gjev, vert disippellivet tungt og vanskeleg å leva. Men fylte av Den heilage ande kan vi utretta store ting i Guds rike. Det er Anden som verkar i nådegåvene. Det er Anden som driv menneske inn til Jesus. Det er Anden som gir råd og hjelper menneske til eit sigrande kristenliv. 

n

Vi treng Den heilage ande. Og vi treng stadig påfyll av Anden. Og Gud gir til den som bed. Når vi ber om meir kraft og Ande, vil Gud gjerne fylle oss, om att og om att. Livet i Anden er gitt oss til glede, oppmuntring og framgang i trua for vår eigen del, og for at Guds rike skal gå fram og nå ut til stadig nye menneske. Vi er vitne for Jesus. Og som vitne får vi utrustninga og krafta som vi treng for at Jesus skal bli gjort kjent for alle. Vi treng Den heilage ande!

n

”Kjære Far, vi ber om meir av Den heilage ande i våre liv. Vi ber om at Anden må fylle oss, slik at vi får kraft til å vere Jesu vitne her på jorda. Kom over oss, Heilage Ande!”

n

God helg, og god pinse!

n