Veke 21

Heile sanninga.

”Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leie dykk fram til heile sanninga.”

n

Jesus har meir å sei til deg, og han har meir å gi til deg. Han er aktuell med sin bodskap og si kraft inn i din livssituasjon. Han kan gi deg det du treng. Ved sin Heilage ande har han gjort det muleg å leia sine vener fram til heile sanninga. Vi kan lære Gud å kjenne, og vi kan få eit personleg venskap med Jesus i kvardagen. Han vil gi deg eit fornya syn på livet, skape retning og hensikt, vise deg meininga med livet og grunnleggje ein ny identitet i deg. Han viser deg det sanne bildet av kven du er i Kristus. 

n

Og Den heilage ande er ein leiar. Det betyr at han leier deg, held deg i handa, slik at du kan gå stødig gjennom livet, også i møte med ulendt og barskt livsterreng. Den heilage ande er ein trufast hjelpar i livet, i medgang og motgang, og han held deg fast og leier deg også trygt forbi den siste fienden, døden, heilt fram til ei oppstode, eit nytt og evig liv hos Gud, din Far. 

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *