Veke 23

Ein god grunnvoll for tida som kjem

n

I dag las eg om ei eldre enke på 84 år, som for eit par veker sida vann 3,4 milliardar i lotto i USA. Ho venta i to veker med å gi seg til kjenne for å henta gevinsten, fordi ho var usikker på om ho hadde lyst å ta i mot pengane. Forvaltaransvaret kunne bli for stort. Ho visste ikkje om ho kunne bera ansvaret med å ta i mot så mykje pengar.  

n

Paulus satsa alt på eit kort – trua på Jesus og håpet til Gud. Han hadde ein dag “vunne i lotto,” medan han var på veg til Damaskus. Der møtte han Jesus, bestemte seg for å ta i mot Den heilage ande i gåve, og frå då av var livet hans forandra. Han la alt anna til sides, og satsa på dette eine: Å leva livet i Den heilage ande, i teneste for Jesus Kristus. Livet hadde fått nytt innhald, ny meining og ny retning. 

n

Det er hardt å skulle strekkje seg etter Paulus. Han er så kompromisslaus at det er lett å bli missmodig og oppgitt. Samtidig har han denne gode trenareigenskapen som handlar om omsorg, oppmuntring  og kjærleik til laget og den einskilde medspelar. Han vil berre det beste for alle. Han ønskjer at alle skal lukkast! Han vil at alle skal vinna! Vi må ha dette i tankane når vi les ein del av Paulus sine formaningar, blant anna når han snakkar til oss ”rike” i verda.

n

”Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja sitt håp til denne usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det. Dei skal gjera godt, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og villig dela med andre. Slik samlar dei seg ein skatt som blir ein god grunnvoll for tida som kjem, så dei kan gripa det verkelege livet.” (1. Tim. 6, 17 – 19) 

n

Mi bøn, og mitt store ønskje for oss alle, er at vi kan samla oss ein slik skatt for framtida, at vi evner å gripe det verkelege livet. Det ser ut til at vi gjer det lettare for oss sjølv når vi trenar hardt på å gjere godt mot alle, er rause i givarglede, og villig deler av vår rikdom. 

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *