Veke 24

Attgrodde stigar

n

Det spirer og blømer overalt desse dagane. Eg har hatt ei treningsløype gjennom skog og utmark i vår, men no har ugraset fått så stort overtak at eg ikkje lenger finn stigen gjennom utmarka att. Men på stader der det ofte går folk, er stigen enno godt synleg og lett å følgja. 

n

Kanskje er dette eit godt bilete på vegane våre til Gud også? Det gror lettare igjen der det sjeldan vert gått.

n

Ein sikker veg til Gud er gjennom ordet hans, Bibelen. Lat oss sørgje for at sommaren vert ei tid der vi held dei åndelege vegane opne. Lat Guds ord bli ei dageleg inspirasjonskjelde for oss. 

n

I ein av salmane i Bibelen les vi: Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. (Salme 119, 105)

n

Lat ikkje vegen til Gud gro att. Gå den ofte, og sørg for at ugraset vert halde nede. 

n

Bøn: ”Takk gode Gud for Ordet som vi har fått. Takk for rettleiing og veghjelp som Ordet ditt gir. Takk for at Ordet gir oss lys over livet og livsvandringa, også i dag. Hjelp oss til å bruke og anvende Ordet i våre liv. Amen.” 

n

God helg!

n

n

 

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *