Veke 25

n

Lit alltid på Gud

n

Lit alltid på Gud, de folk, renn ut for han det som fyller hjarta! Gud er ei livd for oss. (Salme 62, 9)

n

Religion handlar ofte om reglar og bod, kva ein har lov å gjera, og kva ein ikkje har lov å gjera. Generelt sett er ofte religionens innhald trældom, påbod og krav, med frykt som drivkraft. Det motsette er fridom under ansvar, med kjærleik som overordna verdi, og glede som drivkraft. 

n

Bibelen gir oss eit bilete av Gud som ein nær Far og trufast beskyttar. Gud er ein person som vi kan gå til med bekymringar og hjartesut, og få bytta ut frykta med glede og fred. Det er stor forskjell å tru på ein gud som først og fremst vil straffe deg når du kjem til han, og ein gud som vil deg vel og som gir deg vern. 

n

Det nye testamentet understrekar dette gudsbildet. Gud er ein god gud. Kjærleiken er drivkrafta som han opererer ut frå. Han vil deg vel. Han vil deg godt. Han vil det beste for deg. Han er alltid truast, og han er i livd for deg. Lit alltid på Gud, og lat alt som fyller hjarta ditt ha fri flyt til han. 

n

God helg, og god sommar!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *