Veke 35

Bare diamanter varer evig.

nn

Her om dagen kom det ei påminning i posten om antirustbehandling av bil. På postkortet stod det ”Bare diamanter varer evig.”

n

Jesus snakkar om verdifulle skattar, perler og sølvpengar. Men han bruker dei som bilde på verdifulle menneske og evige verdiar  i Guds rike. Frå Guds ståstad er diamantane i verda alle menneske. Han har skapt mennesket for å leva evig. Og han har verdsett diamantane til den høgaste prisen som tenkjast kan.

n

Frå menneske sin ståstad kan jordiske skattar funkle og skinne, så vi kan bli blinde for den verkelege skatten; Jesus og løftet om Himmelriket. La deg ikkje blenda av alt dette jordiske som vi omgir oss med. La stråleglansen av Jesus i sitt rike få lyse opp sinnet ditt, slik at du evner å gripe det evige livet og Guds framtidsløfte for deg.

n

”Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren.” (Matt. 13, 44)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *