Veke 38

Kom til meg….

nn

”Kom til meg,” sa Jesus mange gongar. Han inviterte folk inn i fellesskapet  med seg, både unge og gamle. ”La borna koma til meg, og hindra dei ikkje,” er eit døme på dette. ”Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera, eg vil gje dykk kvile!” er eit anna eksempel på at Jesus bryr seg.

n

Dette gjeld deg og. Jesu kall til fellesskap med seg står fast for deg i dag. Han strekkjer sine hender mot deg, og kallar deg inn til sitt fellesskap. Eit fellesskap der glede, kvile og fred er eit mål. For hos Jesus er det ein kvileplass for alle. Han kjenner behova dine, og han veit om utfordringane og problema dine. ”Kom til meg,” er den alltid ståande invitasjonen frå Jesus til deg i dag.

n

Også i Det gamle testamentet kjenner vi att denne invitasjonen. Guds invitasjon til fellesskap med seg. Han har omsorg for deg, og han bryr seg. Hans nærver er prega av nåde, aksept og glede.

n

”Men alle som søkjer tilflukt hos deg, skal gleda seg, alltid skal dei jubla. Du vernar dei. Dei frydar seg i deg, dei som elskar ditt namn. For du, Herre, velsignar den rettferdige, du dekkjer han med nåde som skjold.” (Salme 5, 12 – 13)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *