Veke 43

Kraft.

nn

Kraft er veldig konkrete saker. Vi ser kanskje ikkje sjølve krafta, men vi kan tydeleg sjå og merke resultatet av krafta, når den får verke på rett måte.

n

Eg hadde ein gong ei litt merkeleg oppleving i båt på fjorden.  Motoren starta, dura og gjekk, men båten gjekk seinare enn det som var vanleg. Kva kunne dette vera? Då vi skulle sjå etter,  viste det seg at ei av kontaktane til motorpluggane var losna, og dermed fungerte ikkje motoren rett. Krafta vart ikkje overført slik den skulle.

n

Det er viktig å ha god kontakt med kraftkjelda. Krafta finst der, men det er ikkje alltid at krafta vert overført slik den skal. Slik også i det andelege livet. Det er rikeleg med kraft tilgjengeleg. For alle livets situasjonar. Vi må berre sørgja for at kontaktpunkta til kraftkjelda er godt festa og i orden. Vi gjer lurt i å gjere det til ei dagleg rutine å pleie kontakta med han som har så rikeleg med kraft å overføre. Då går vi ikkje tomme og trøtte ut i kvardagslivet. Då blir vi både uthaldande og tolmodige.

n

De skal styrkjast av krafta frå hans herlegdom, så de alltid er uthaldande og tolmodige. (Kol. 1, 11)

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *