Veke 46

I møte med det umoglege.

n

Av og til møter vi utfordringar som er alt for store. Det kan vere i høve til tidspress og tøffe arbeidsoppgåver på jobben, krevjande personlege relasjonar på arbeidsplassen, i heim og familie, eller rett og slett at ein vert utslått av alvorleg sjukdom eller ulukke. Livet stansar opp, og ein vert rykt ut av alle vanlege kvardagsrutinar. Utfordringar kan bli til tårnhøge problem, som ein på ingen måte ser nokon ende eller løysing på.

n

Dersom du kjenner det slik i dag, kan det vere ei trøyst å tenkje på at du ikkje er åleine. For det første er det svært mange menneske som dagleg opplever livet som ei einaste stor prøving. Du er i same båt som mange andre. For det andre kan du få erfare at der det finst store prøvingar, vil det og vere medmenneske som gjerne ønskjer å hjelpe. Og for det tredje finst det svært mange gode grunnar til å tru at Gud sjølv stiller opp når du opplever motgang og problem i livet. Du er altså på ingen måte  åleine med det vanskelege.

n

 

n

I Bibelen finn vi mange løfte om at Gud er nær hos dei som er nedbøygde og har tunge ting å bera på. Han strekkjer ut hjelpande hender, både gjennom medmenneske, englar og Den heilage ande. Og det beste med Gud er at Han er allmektig. Frå Guds perspektiv er ingen problem uløyselege eller umoglege. I Lukas evangelium finn vi eit ord av Jesus, der han minner oss om nettopp dette:

n

 

n

”Det som er umogleg for menneske, er mogleg for Gud.”(Luk. 18, 27)

n

 

n

Gi aldri opp håpet! Gi aldri opp å vente på hjelp og utfriing! Ha tru til Gud! Vent på Han, som villig sender Den Heilage Ande og kallar ut sine gode tenarar; utsendte englar og hjelpande medmenneske.

n

 

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *