Veke 48

I Guds tanke

Haldis Reigstad er kjend for å skrive dikt til trøyst og oppmuntring. I den siste boka si, I Guds tanke, deler ho mange nye dikt om å leva i Guds omsorg. Dikt til ettertanke, dikt om å bera bører for kvarandre. Denne hausten har ho sjølv fått erfare at livet går i bølgjedalar, gjennom at hennar eigen mann, Asle, vart ramma av alvorleg og livstrugande sjukdom. Midt i den daglege kampen mot sjukdom, gir ho altså ut ei ny diktbok, der ho deler ope og frimodig av eigne erfaringar. Det handlar om livet, om trua på Gud, om hans truskap og den freden som han gir, også når det stormar som verst. I diktet I Guds tanke, formidlar ho sanningar til oss om Guds truskap; ein truskap som sprengjer våre grenser og er utan sidestykke.Eg var i dine tankar
før andre visste om meg.
Eg budde i ditt hjarta
før eg vart til hjå far og mor.
Du bar i dine hender
det hjelpelause frøet, 
du la det i den gode jord.
 
Eg bur i dine tankar
om andre går ifrå meg.
Eg lever i ditt hjarta
om eg vert gløymd av far og mor.
Du ber i dine hender
det hjelpelause barnet.
Du er for meg den gode jord. 

Jeremia 29, 11:
”For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.” 

God helg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *