Ære og kjærleik

Ære og kjærleik

Vi vil ære Gud og formidle hans kjærleik. Dette er visjonen til Norkirken. Eit fokus på både Gud og menneske. Vi vil bruke tid og krefter på Gud i lovsong, bøn og tilbeding. Men ikkje berre i andelege uttrykk. Vi vil også gjerne ære Gud med liva våre, slik dei gir seg uttrykk i kvardagen. Vi ønskjer å setje fotavtrykk som kan stå seg i lyset. Vi vil så gjerne leve rett, og å gjere godt, i forhold til Gud og til kvarandre. Vi ærer Gud når vi tilber han, men og når vi held hans bod. Og boda handlar om kjærleik. Å elske Gud og å elske min neste som meg sjølv.Men pass på. Det blir lett eit vi-fokus. Vi kan komma i sentrum for eit aktivitets-jag. Eit jag etter å prestere så mykje som muleg av andelege øvingar og godheitsgjerningar. Vi blir utgangspunktet. Då bommar vi. Gud er utgangspunktet. Det startar med han. Å ære Gud er meir respons og etterklang enn melodiføring og nyskaping, for å bruke musikalske og kreative uttrykk. Gud har gitt oss melodien. Han har vist oss kva det handlar om. Han har synt oss kva kjærleik er. Han har gitt oss alt godt. Vi får vere gjensvar og ekko på hans godleik og kjærleik, som han har vist oss gjennom Jesu liv og gjerning.

”Velsign Herren, mi sjel! Gløym ikkje alt det gode han gjer.” (Salme 103, 2)

Eg må oppdage Gud og få sjå han slik han er, og lære han å kjenne. Då blir glede og kraft utløyst i meg til både lovsong og godheit. Svaret på Guds godheit til meg og mitt liv kan då gi seg uttrykk i takk til Gud og formidling av hans enorme kjærleik til andre.

God helg!