Gud i min verden

Gud du er ikkje i min verden, likevel er eg i din….

Liv er medvit om at Gud er nær. Lev livet i vissa om at Gud er nær deg. Han ser deg og han følgjer deg med sine augo. Ingen ting er skjult for han. Han ser livet ditt, i heimen, på jobben, i arbeid og i fritid. Han ser tankane dine, planane dine, ønskja dine og måla som du strekkjer deg mot. Han ser bekymringane dine og problema dine. Han gler seg med deg i dine små og store gleder, og han har omsorg for deg når du kjenner deg liten, svak, lei deg og åleine. Då er han der i stilla, og talar venlege ord til hjarta ditt. Ta tid til å lytta. Ver stille og merk hans nærver.

Lev livet i vissa om at Gud ser deg. Han er i din verden. Han bryr seg om deg, og han tar del i livet ditt. Han ser, og han er tilstades. Konsentrert og engasjert. Du er ikkje alltid konsentrert og oppmerksam på han, men han er fullt og heilt tilstades i livet ditt. Møter deg. Høyrer på deg. Talar til deg, og gir deg råd. Han har tankar og planar for livet ditt. Målretta liv. Nytt liv. Evig liv.

Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. (Joh. 17, 3)

God helg!