Vi er til for kvarandre

Vi er ikkje til for oss sjølv. Vi er til for kvarandre. I vår tid er egoisme og individualisme eit trugsmål mot nestekjærleik og omsorgsfellesskap. Vi er til for kvarandre. Vi lever ikkje berre for oss sjølv. Lukka i livet er å få vera til hjelp for andre. Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad. Det gir livet djupare meining og innhald.

La oss legge litt ekstra energi i å vere eit fellesskap som ser kvarandre, smiler til kvarandre og oppmuntrar kvarandre. Gjer godt mot kvarandre! Eit ope ansikt med eit venleg smil kan vere starten på ein god dag for både deg sjølv og dei du møter gjennom dagen. Det er lettare å opna seg for ein person som sjølv viser openheit, godheit og varme.

”Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar.” (Hebr. 10, 24)

God helg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *