Eit kall til å velsigna

Guds kjærleik er for alle. Den er tilgjengeleg for alle. Vårt kall som kristne er å dele Guds godheit med våre medmenneske. Det er ei forvaltaroppgåve. Vi er ikkje kalla til på vere Guds politi, og dømme over andre menneske sitt liv.

Men vi skal forkynne Guds ord reint og klart, og ikkje gøyme bort dei orda som talar til samvitet i menneskenaturen. Det som Bibelen kallar synd, skal vi kalle menneske til omvending frå.

Det er alltid Guds kjærleik som skulle vere drivkrafta når vi forkynner omvending frå synd, og ikkje vår indignerte og frustrerte menneskenatur. Det var dette som gjorde Jesus til ein meister i å nå inn til syndarar. Han møtte dei med grunnleggjande kjærleik, og kallet til omvending vart eit kall inn i Guds omsorg, til omforma liv og frigjerande tilgiving.

Det er utruleg leit å sjå og høyre at KFUM-KFUK har gjort det til ei programsak å boikotte Israel. Her har organisasjonens leiarar misforstått oppdraget sitt. Dommarsetet er for Gud. Vi har fått eit kall til å velsigna, ikkje dømma og ekskludera andre. Vi er kalla til å ta imot velsigning og til å velsigna andre. Og for oss kristne gjeld dette i særleg grad ovanfor Israel. Her må vi la Guds ord overtyde og leie oss til å gjere det rette. La deg aldri freiste til å støtte slike boikottaksjonar. Tvert imot, sjå etter, og spør etter varer frå Israel neste gang du er i butikken for å handle. Og kjøp rikeleg! Slik kan du synleggjere di støtte og velsigning til nasjonen Israel, den einaste demokratiske staten i Midt-Austen.

“Løn ikkje vondt med vondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for de er kalla til å arva velsigning.” (1. Pet. 3, 9)

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *