Godhet i Meland

Godhetsveka i Meland er historie, og den er også historisk. For første gang har det vore arrangert godhetsveke, der fokus har vore å organisere hjelp til menneske som ønskjer hjelp til eit eller anna. Deltakarane har vore mange, og frå einskildpersonar og grupper frå ulike menigheiter i Meland har hjelp til det eine og det andre vore utført entusiastisk og etter beste evne. Det varmar å sjå og oppleve gleda hos både hjelparar og mottakarar. La oss håpe at dette berre er starten på ein godhetskultur, som kan utviklast og spreiast i bygdene i Nordhordland i tider som kjem. Stor takk til dei unge initiativskaparane og arrangørane frå Betel, Moldekleiv! Og takk for at de utfordra og fekk med fleire forsamlingar på dette!

Guds ord talar til oss om å vise godhet. Gud er god, og han ønskjer å nå alle med sin godhet. Han gir oss si frelse heilt gratis. Jesus døde for alle, og alle har rett til å ta imot han og tru på han, og få del i lovnaden om frelse og evig liv hos Gud. Jesus viste sjølv godhet då han vandra på jorda. Han gjorde godt mot alle, og han utførte under og helbredelsar først og fremst for å vise medkjensle og godhet.

Vi er kalla til både å få og å gi. Vår respons på Guds godhet til oss er å gi det vidare. Både evangeliet om Guds frelse til alle, og gode gjerningar til glede og oppmuntring for folk rundt oss. Den største gleda du kan ha det er å gjera andre glad, heiter det i eit ordtak. Og det er sant. Å gi og å gjere godt mot andre gir ei ekte og varig glede.

For Kristus gav seg sjølv for oss. Han ville løysa oss ut frå all urettferd og reinsa oss, så vi kan vera hans eige folk, som med iver gjer gode gjerningar! (Titus 2, 14)

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *