Barnas dag

Andre helga i desember arrangerer Norkirken Nordhordland ”Barnas Dag” i Meland Aktiv!

Lørdag 13. desember kl. 10 til 15 er det berre å finna fram innesko, og ta turen til hallen på Fossemyra! Her blir det gratis aktivitetsdag for alle barn i alder frå fire år til og med 5. klasse. Team Sulebakk blir med på adventssamling. 

Det som starta med ein ìde frå eit enkeltmedlem for fleire år sidan, om å gjera noko positivt for folk i førjulstida, har blitt ein årviss tradisjon til stor glede for både born og vaksne.

Laurdag 13. desember frå kl. 10 til kl. 15 er det altså tid for gratis aktivitetsdag for alle barn frå 4 år til og med 5.klasse. Folk kan koma og gå når dei vil!

Det er mange vaksne leiarar frå Norkirken, samt tweens og ungdomar, som aktiviserar og passar på barna. Kvart barn vert registrert ved frammøte, og det vil vera hallvakt og sjukepleiar til stades. Det er mange ulike aktivitetar å velje mellom: Fotball, hinderløype, høgdehopp, klatring, playstation, og formingsaktivitetar. Innimellom leiken er det sett av tid til matpauser. 

Vi avsluttar dagen med adventssamling i kultursalen kl. 14.30. Den er open for foreldre og søsken òg! Team Sulebakk kjem på besøk. Det vert song og dramatisering, og tenning av adventslys m.m på programmet.

Vi håpar dagen blir til glede og  nytte for foreldra òg, slik at dei får litt ekstra tid til førebuingar til jul. Og sjølvsagt håpar vi at barna får ein kjempefin dag!!!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *