Glede og fred

Vi har feira påske og pinse, og alt er klart for deg til å leva eit fantastisk liv! Grunnlaget for det gode liv er sikra! Det har Gud sjølv lagt til rette for 🙂“Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft.” (Rom. 15, 13)

Påske = Nåde. Pinse = Kraft. Nåde og kraft. Den heilage ande midt iblant oss. Ein Ande med kraft. Fordelane ved å leva eit liv i Den heilage ande er mange. Han hjelper meg å finne fotfeste for trua, og von for framtida. Og han vil hjelpe meg i den daglege kampen mot dei negative tanke-kreftene. Kvar kjem vonløysa frå? Og motløysa? Ikkje frå Gud. Nei, Gud gjev von, og han gjev mot! Og fruktene av eit liv i tru, i dagleg vandring og fellesskap med Gud, er mellom anna glede og fred. Glede og fred vil eg gjerne ha. “Ja takk, begge deler!” Dette er gode ting. Glede og fred vil eg veldig gjerne ta vare på. Så kjære Gud; hjelp meg i dag å leva det livet som gir meg glede og fred, og hjelp meg å kaste frå meg det som vil øydeleggje for desse fruktene. Kva kan det vere i mitt liv? (Tips: Les Esekiel 18, 31a 🙂

GOD sommar! Lev det GODE liv! Lev GODT!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *