God sommar!

Når vi no går inn i sommartida, som og er ferietid for mange, er det viktig at vi tar ferie frå dei rette tinga. Det betyr mindre fokus på jobb og arbeidsdagar. Og truleg meir tid saman med familie og vener. Ein treng ikkje alltid å planleggja dei mest spektakulære reisene i inn- og utland for å få ein vellukka ferie. 

Det er ofte nok å senka skuldrene der ein er, og vere til stades i livet, både i fellesskapet med andre og åleine. Dei fleste av oss treng begge deler, både åleinetid og tid i fellesskapet. Og i åleinetida er vi faktisk ikkje åleine. Eg trur Den heilage ande lengtar etter å vere saman med oss i kviletida. Kropp, sjel og ånd treng kvile, utan kvardagens stress i arbeidet og andre faste syslar gjennom arbeidsåret. Men vi treng ikkje ferie frå livet i Jesus. Jesus-livet kan faktisk få ny energi og inspirasjon i ferien.

Eg treng berre å låne øyra til stilla – i naturen, over ein open Bibel, i ei god bok, med god musikk eller langflat på ein sofa eller ei solseng der den gode «døsen» tar meg, og tankane flyg dit dei vil. Anden tar ferie saman med meg, ikkje ferie frå meg. Og eg treng heller ikkje distanse frå Den heilage ande, min beste ven og hjelpar, som er med meg 365 dagar i året. Han er ekspert på livet under skiftande forhold, også ferieliv. Han unner meg kvile, og han vil meg alltid det beste.

Vi har så lett for å tenkje at Jesus – ved Den heilage ande, som er gitt oss til ven og hjelpar 24/7 – berre er opptatt av livet vårt når vi arbeider og er effektive i ei eller annan teneste. Og så er han litt «lay-back» og distansert når vi roer ned og «ikkje gjer noko.» Her trur eg vi må snu tanken: Ha ei forventning til at Anden kan tale til deg i ferien! Lytt til hans stille stemme, og ver open for at han leier deg til vatn der du finn kvile! Han gir deg levande vatn – i di kvile – som stiller den andelege tørsten etter meining, verdi og menneskeverd. Du er verdifull, og Anden vil gjerne møte deg i den du er, som kvilande menneske, ikkje berre i den du er i kraft av kompetanse, prestasjonar og arbeidskraft.

God sommar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *