Konsert med Maria Solheim og May Sissel

Søndag 23. september kl. 19:00 kjem den folkekjære artisten Maria Solheim til Knarvik kyrkje for å halde konsert! Saman med musikar og produsent Christer Slaaen vil ho spele materiale både frå hennar nyaste plate som kom i vår, og frå eldre utgivingar. 

Før dei går på scena vil Melandbuar May Sissel m/band spele oppvarming. Både Maria og May Sissel formidlar tekst og musikk med innleving og varme, så vi kan sjå fram til ein kveld med ord og tonar som går til hjartet. Konserten er eit samarbeid mellom og Meland kyrkjelyd Knarvik kyrkje. Etter konserten blir det ein enkel konsertkafé med platesignering. 

Billettar: Voksen: 240,- Barn 160,- (TicketCo og i døra)
Sjå meir info og oppdateringar om konserten her: https://www.facebook.com/events/196983740957928/

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *