Bli med på menighetsweekend!

11.–13. september reiser vi til Raknestunet. Påmeldinga er open!

Menighetsweekend er gull verdt for fellesskapet vårt! Vi kjem tettare på kvarandre og blir betre kjende på tvers av generasjonar, livssituasjon og kor vi bur. Vi deler måltid, aktivitetar og gode samtalar – og søkjer Gud saman i bøn, lovsong, i Guds ord og vi deler tru. Dette er med på å knyte menighetsfamilien tettare saman. 

Stad

Raknestunet på Osterøy, ein moderne leirstad med gode fasilitetar, idyllisk plassert langs Osterfjorden. Her er det møtesal, peisestove, matsal, gymsal og aktivitetsrom inne. Ute er det muligheter for ballspell, tarzan-løype, trampoline, badestrand, kai og naust med båt og kanoar. Det er òg gode turmogelegheiter både langs vegen og i terrenget rett utanfor døra.

Program

Vi legger opp til eit innhaldsrikt program med noko for alle aldrar, der ein kan velje både høgt og mindre høgt aktivitetsnivå gjennom helga:

Fredag
17:30–18:30 Innsjekk
19:00 Kveldsmat
20:00 Fellessamling
Felles aktivitet
21:15 Kaker og snacks
Spel, prat, aktiviteter
utover kvelden.
Eller soving

Lørdag
8–9 Frukost
9:30 Morgenmøte
11:30 Felles aktivitet
12:30 Lunsj
13:45 Ulike aktiviteter
Tur, kano, gymsal, spel,
strikking, prating, eller
avslapping
16:30 Kaffimat
17:00 Meir aktivitet eller fritid
19:00 Middag
20:30 Leirfest
Følgd av kaker og snacks
22:00 Delekveld + opplegg for
ungdommane

Søndag
8–9 Frukost
9:00 Bibeltime
11:00 Fellessamling
13:00 Middag
14:30 Utsjekk – Takk for no!

Meny:
Kvelds fredag – Taco.
Lunsj lørdag – Graut.
Middag lørdag – Kyllinggryte.
Middag søndag – Kjøttkaker. 

Brødmat til frukost. 

Meir informasjon og pakkeliste vert sendt ut til alle påmeldte når leiren nærmer seg.

Tema

Skapt for fellesskap – om å leva med Gud og med kvarandre.

Prisar

  • Vaksne – 2 netter kr 1980,-
  • 13–17år – 2 netter kr 1130,-
  • 4–12 år – 2 netter kr 850,-

Makspris familie som deler rom: kr 5300,- (OBS! Må være samme familie)

Enkeltrom: + 300,-

Dei fleste romma har 3, 4 eller 5 senger (eit par rom med 2 senger). På dei største romma (5 senger), kan ein få plass til 6 stk om ein supplerer med madrass på golvet. Ein tar sjølv med laken, dynetrekk, putevar og handkle.

Vi prøver å legge til rette for ein romfordeling som gjer at så mange som mogeleg får plass på leiren. Ved ønskje vil vi legge til rette for eigne ungdomsrom. 

Reiser du aleine (utan ektefelle/familie) kan ein gjerne bu på rom med andre i same situasjon. Men det er òg mogeleg, og heilt i orden, å velje einerom mot eit tillegg i prisen (300,-).

Blir det fullt på tunet, har vi mulighet til å supplere med eit par bobiler/campingvogner, om nokon har det og kan tenke seg å bu i det (kan komme tilbake til dette ved behov).

Dersom økonomien hindrar deg i å melde deg på, ønskjer vi likevel at du frimodig melder deg på. Ta kontakt med bjornar@norkirken-nh.no, så finn vi ei løysing.

Påmelding

Send mail til john@henanger.net – eller sms til 406 48 270

Skriv namn på alle du melder på, alder på barn/ungdom og eventuelle allergiar eller andre behov vi bør vite om.

Skriv gjerne ein kommentar i påmeldinga om du ønskjer å bli plasser på rom saman med resten reisefølget, saman med andre (spesifiser) eller overlater jobben til komiteen.

Vær tidlig ute med påmelding, leiren kan bli full – førstemann til mølla!

Påmeldingsfrist 25.august 

Bidra

Vi trenger at folk bidreg på ulikt vis gjennom leiren. Komitéen vil utfordre folk til å bidra med ulike ting – som å ha ansvar for aktiviteter, underholdning, diverse praktiske oppgåver m.m. – men du må gjerne melde ifrå under om du har noko du ønskjer å bidra med ila leiren!

Eg ønskjer å bidra med…

Som alltid vil vi òg be om at de tar med kaker/snacks til eit legendarisk felles kakebord fredag og lørdag kveld!

Vi håper mange vil bli med – barn, ungdom, vaksne, eldre og gamle – og gler oss til ei kjekk helg saman!