God Helg!

Gode Norkirke-venner! Det er ikkje gudstjeneste i Norkirken Nordhordland denne helga, men vi ser fram til menighetsweekend på Raknestunet neste helg. Likevel vil eg allereie no løfte blikket fram mot det som skjer helga 20.-22. september, då feirer vi nemlig 20-årsjubileum! I tillegg til gudsteneste søndag 22. september inviterer vi til lovsangskveld fredag 20. september - sjå plakaten under:

“Lovsang i 20 år” er først og fremst ein kveld for lovsang, tilbedelse og fellesskap. Der vi kan stå saman om å ære og prise Gud – noko som har vore ein del av menighetens DNA gjennom 20 år, og som vi håpar og ber om at skal være noko vi samlast kring i mange år framover. Derfor er dette ein veldig naturleg måte for oss å markere jubileet på.

I tillegg til at vi samlast som menighet, håper vi ved å samlast fredag kveld at òg folk utanfor Norkirken kan ha moglegheit til å feire med oss, sjølv folk som tilhøyrer andre menigheter og forsamlingar. Spre ordet, og inviter gjerne med dykk nokon!

Kva seier bibelen om kjærleik?

I veka som kjem er det klart for haustens første bibelkveld. Onsdag 4. september får vi besøk av William Grosås (praktikumsleiar ved NLA) som skal undervise om kva bibelen seier om kjærleik. Merk dykk nytt tidspunkt: kl. 20.00–21.30 – staden er framleis Danielsen Ungdomsskule Frekhaug.

Være med Jesus

Ta med dykk påminninga frå søndagens bibeltekst: Det er viktig å sittje ved Jesu føter og høyre han. Å være med Jesus er den gode del.

Jesus hos Marta og Maria
Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han ⸆. 39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. 40 Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» 41 Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. 42 Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.» (Lukas 10, 38–42)

Mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland