Gode vener i Norkirken Nordhordland!
Vi har ei spennande helg i vente. 20 år som menighet skal markerast ved å samlast i einskap om det vi trur på. Som kristne har vi éin far, er éin familie og har eitt felles oppdrag. Fellesskap om lovsang, bønn og tilbedelse er ein sentral del av dette og sentralt i Norkirkens identitet.
Lovsang i 20 år
Fredag 20. oktober kl. 19 – Nordhordland Folkehøgskule
Lovsangsledelse av barneteam, ungdomsteam og eit husband satt sammen for anledningen. Appell. Kveldsmat etter møtet.
Kollekt til misjon
Mat: Veldig fint om nokon fleire enn dei som allereie har fått spørsmål om det vil ta med eit fat med påsmurte rundstykker til kveldsmaten – meld gjerne ifrå til John Henanger om du kan ta med mat (406 48 270)
Gudsteneste
Søndag 22. oktober kl. 11 — Meland Aktiv
Kongebarna og sofagjengen
Nattverd
Kollekt til Norkirken
Bjørnar Sæle taler frå Første Peters brev om “Ei levande von”
Medlemskurs
Tirsdag 24. september kl. 19 – Hos Svein Glomnes. Adresse: Paktarmyrhaugen 5, 5918 Frekhaug
Medlemskurset er for dei som ønsker å bli medlem eller berre er nysgjerrige på kva Norkirken står for. Det er heilt uforpliktende å bli med på medlemskurset, men det er nødvendig for å bli medlem i Norkirken Nordhordland.
Ei levande von
«Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar.»
1. Peter 1:3-4a
Mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland