Sendt på nytt: God jubileumshelg!

Vi har hatt litt problemer med utsending av nyhetsbrev etter at vi tok i bruk ein ny plattform for masseutsending. No har vi gjort nokre endringar som forhåpentlegvis gjer at nyhetsmail kjem fram til alle på lista og ikkje hamnar i søppelpost. Sender derfor onsdagens nyhetsbrev på nytt:

Gode vener i Norkirken Nordhordland!

Vi har ei spennande helg i vente. 20 år som menighet skal markerast ved å samlast i einskap om det vi trur på. Som kristne har vi éin far, er éin familie og har eitt felles oppdrag. Fellesskap om lovsang, bønn og tilbedelse er ein sentral del av dette og sentralt i Norkirkens identitet. Bli med oss gjennom helga, og inviter gjerne nokon med deg!

Lovsang i 20 år
Fredag 20. oktober kl. 19 – Nordhordland Folkehøgskule

Lovsangsledelse av barneteam, ungdomsteam og eit husband satt sammen for anledningen. Appell. Kveldsmat etter møtet.
Kollekt til misjon

Mat: Veldig fint om nokon fleire enn dei som allereie har fått spørsmål om det vil ta med eit fat med påsmurte rundstykker til kveldsmaten

Gudsteneste
Søndag 22. oktober kl. 11 — Meland Aktiv

Kongebarna og sofagjengen
Nattverd
Kollekt til Norkirken
Bjørnar Sæle taler frå Første Peters brev om “Ei levande von”

Medlemskurs
Tirsdag 24. september kl. 19 – Hos Svein Glomnes. Adresse: Paktarmyrhaugen 5, 5918 Frekhaug

Medlemskurset er for dei som ønsker å bli medlem eller berre er nysgjerrige på kva Norkirken står for. Det er heilt uforpliktende å bli med på medlemskurset, men det er nødvendig for å bli medlem i Norkirken Nordhordland.

Påmelding til Svein Glomnes innan mandag 23. september – svein@norkirken-nh.no / 934 07 398

Ei levande von

«Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar.»
‭‭1. Peter‬ ‭1‬:‭3‬-‭4‬a

Mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland