God helg!

Med mykje på hjartet opnar eg med ein kjent pastor-vits: "Den beste måten å halde på ein hemmelegheit er å skrive den i nyhetsbrevet". Lat ikkje alt det gode her bli verande hemmelegheitar! – Først ei lita helsing og deretter ein oversikt over kjekke ting vi har i vente.

Gode vener i Norkirken, takk for ei flott jubileumshelg for to veker sidan! (Biletet er frå Lovsang i 20 år fredag 20.sept)

Gudsteneste – Søndag (6.10) kl.11 i Meland aktiv
Vi gler oss til å få besøk av John-Inge Rolfsnes som leder oss i lovsang, og Andreas Lorange taler om temaet “Kva er Jesu fred?”.
Eigne samlingar for Kongebarna og Sofagjengen.
Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te og noko å bite i.

Bli med i ei smågruppe, eit mindre fellesskap der ein kan dele liv og tru og bygge nære relasjonar.
Norkirken har både mannsgrupper, kvinnegrupper og blanda grupper. Det er plass til fleire, og moglegheit til å opprette nye grupper, dersom fleire skulle ønske å bli med. Dette er ein viktig del av menighetsfellesskapet vårt, og noko vi oppmodar alle til å ta del i!
For meir å bli med i ei gruppe/meir info: Ta kontakt med meg eller gruppekoordinator Åshild.

Nokre refleksjoner inn mot det som for nokon er haustferie-veke:
Haustferien er ikkje det den ein gong var: Dei færraste av oss trenger ei veke til å hauste poteter på denne tida av året (og ein som faktisk har prøvd seg på å dyrke poteter kunne melde om eit vanskeleg år med dårleg vekst..)

Vi er alle kalla til å plante og vatne, kanskje ikkje poteter, men evangeliet om Guds rike. Lat oss be Gud gi vekst for hans rike i Nordhordland og i verda, og utruste oss til å plante og vatne i rett tid og på dei rette stadene.

Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til: Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst. (1.Kor 3,5–6)

Kjære Guds medarbeidarar, vær frimodige og kvil i at det er Gud som gjev vekst. Ynskjer dykk alle ei god helg og ei god veke, ferie eller ei. Og bli gjerne med på gudsteneste på søndag!

Ellers er det mykje spanande å sjå fram til – sjå oversikten under eller kalenderen på nettsida.

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland

 

Fresh
Fredagar i partalsveker (dvs. i dag) kl. 19.30–22.30 på Frekhaug bedehus – for ungdommar frå 8.klasse og oppover.

Med hjarte for misjon – Onsdag 16.10 kl.19.30
i Kompagniet, Normisjons misjonsenter i Bjørnsons gate 11, Bergen
Misjonskveld med internasjonal leiar, Tore Bjørsvik, som vil dele sitt hjarte for misjon og sine tankar om korleis vi kan koble lokalt arbeid til det internasjonale arbeidet.

G11‑U søndag 20.10 – Frekhaug Bedehus

Evangeliseringsseminar – Lørdag 26.10 kl.10–14, Frekhaug Bedehus.
Felleskirkelig evangeliseringsseminar arrangert av menigheter i Nordhordland.
Undervisning ved Elise Litleskare og Arne Skagen, mat og samtale i grupper.

Påmelding til kontakt@huskirken.no innan 22. oktober

Nordhordlandsfest – Lørdag 2.11, Nordhordland Fhs.
Samarbeid mellom ungdomsarbeida i Nordhordland der ungdom står saman i trua på Jesus.
Seminarer, volleyballcup, festmøte, basar og avslutning med Jesus loves elektro.

Impuls Stavanger 24.–26.januar 2025.
Buss er bestilt og 50 konferansepass er holdt av. Aldersgrense: 9.kl+
Ta kontakt for info og påmelding – påmelding så lenge det er plass på bussen
Endringar i haustplanen:
Høstens andre G11‑U flyttast frå 17.11 til 01.12. Det blir dermed vanleg gudsteneste 17.11 (begge datoar på Frekhaug Bedehus).
Barnas Dag er i år dessverre avlyst.