Gode vener i Norkirken!
Nordhordlandsfest – Lørdag 2. november
Det er ei spennande helg i vente der mange har oppmerksomheten retta mot NF:
Vi ser fram til ein spennande dag med storslått program. Ungdommane som finn vegen til Nordhordland Folkehøgskule denne dagen kan vente seg møter med lovsang og god forkynnelse, ulike seminarer, aktiviteter, basar, underholdning og konsert med Jesus Loves Electro!
Vår bønn er at dette skal bli ein kjekk dag med godt fellesskap, men viktigast av alt at Jesus skal få lyse klart gjennom heile arrangementet og at ungdommar skal få eit møte med han for første eller n’te gang, og vekkes til eit liv i beundring av Jesus.
Vær gjerne med å be for NF, for arrangementet, for ungdommane som arrangerer og alle dei har med seg på laget, og for alle deltakarane som blir med!
NB: Alle ungdommar som skal delta må registrere seg her
Meir info om arrangementet finn de på instagram eller Facebook @Nordhordlandsfest
Men NF er ikkje det einaste som skjer denne helga.
Fresh: Fredag kl. 19.30–22.30 på Frekhaug Bedehus (8.klasse +)
Gudsteneste: Søndag kl.11 i Meland Aktiv
Jan Magne Steinhovden taler om hjarte, med utgangspunkt i Ordtaka. 4:23, “Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det.”
Ting som skjer framover:
Bibelkveld onsdag 6. november 20.00–21.30 på Danielsen Ungdomsskule. Harald Myklebust underviser om kva Bibelen seier om song og musikk.
Menighetsmøte 12. november 19.00–21.30 på Frekhaug Bedehus
Ta gjerne òg årets Tentro-leir (8.–10. november) med i bønene dykkar.
13 De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned.14 De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. 15 Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. 16 Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen! Matteus 5,13–16
mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland

