God helg!

Gode vener i Norkirken, velkommen til gudsteneste og fellesskap denne helga!

På søndag feirer vi gudsteneste med nattverd på Frekhaug bedehus. Halldis Pollen taler, og det er samlingar for Kongebarna og Sofagjengen. Det er òg kirkekaffi etter gudstenesta, så ta gjerne med dykk noko å bite og ei kanne kaffi eller te.

Fresh: fredag er det Fresh på Frekhaug bedehus kl.19.30–22.30 for ungdommar frå 8.klasse og oppover.

Julemesse: Eg vil òg nemne at Normisjon Hordaland på lørdag arrangerer julemesse for store og små i Bergen – kl. 11 i Kompagniet (Bjørnsons gate 11).
Det blir basar med fine gevinster, lykkehjul, fiskedam ++
Soul Children synger, undertegnede skal holde andakt og det blir sjølvsagt kaker og kaffe.

 

Sidan førre God Helg har både Nordhordlandsfest og Tentro-leir blitt gjennomført med stor suksess og med sterke møter med tydelig Jesus-fokus! Stor takk til alle som bidrar på ulike måtar som medarbeidarar, leiarar, forbedarar +++

Eg fekk dele litt om dette engasjementet vi ser blant ungdommane då eg var på pastorkonferanse i Normisjon denne veka, og fleire andre vitnar om ein stor sult og engasjement etter evangeliet blant ungdommar rundt om i landet. Derfor er det viktig at vi som kyrkje framleis er med og ber for den oppveksande generasjonen og at gode leiarar for desse vert kalla!

Dette bønefokuset er noko fleire viktige stemmer i Normisjon verkeleg ønskjer å sette inn ein offensiv på. Impuls vil frå januar 2026 til januar 27 organisere kontinuerleg bøn for landet vårt heile det året. Og allereie på Impuls 2025 vil dei utfordre til kortare bøneaksjonar fram mot dette bøneåret (vi har framleis plass til nokon fleire på bussen vår til Stavanger).

Men dette bønnearbeidet begrenser seg ikkje berre til bøn for ungdomsarbeid. Generalsekretær, Kjetil Vesten Haga, fortalde ivrig frå Lausanne-kongressen der han møtte Etiopiske misjonærar som ser stor framgang i Somalia og Yemen, områder der det er vanskeleg å drive misjon. Dei peiker på at framgangen kviler på eit bønearbeid der dei har mobilisert tusenvis av bønegrupper før dei sendte misjonærene inn i desse områda.

For meg vitnar dette sterkt om at, sjølv om vi allereie ber, har vi i vår misjon mykje å hente på å be endå meir og endå meir intensjonelt for dei områda vi ønskjer å sjå ei endring og at Guds rike veks ytterlegare fram mellom oss.

Dersom dette tenner noko i deg, så vil eg minne om at vi har plass til fleire i bønneteamet i Norkirken, som står i spissen for bønearbeidet vi gjer som fellesskap. Bøn er òg ein viktig del av smågruppene i menigheten, og gruppene er stadig klare til å ta imot nye menneske. Det er òg stort rom for å starte opp nye bøneinitiativ dersom du kjenner at dette er noko du har hjarte for. Ta kontakt her

«Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna.»
‭‭Romarane‬ ‭12‬:‭12‬ ‭

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland