Gode vener i Norkirken Nordhordland!
På søndag er det tredje søndag i advent, og med det nærmer vi oss veldig julefeiring. Men før det har vel dei fleste eit òg anna vi skulla ha gjort i stand, julegaver å kjøpe, hus å vaske… Men det er lov å senke krava, alt trenger ikkje være perfekt. Ver ikkje redde! Julebodskapen er om ei stor glede – og frelsaren vart fødd i ein skitten stall eller liknande.
Denne helga er det juleavslutning på Fresh fredag kl. 19.30, alle ungdommar frå 8. klasse og oppover er hjarteleg velkomne!
På søndag feirer vi Gudsteneste – 15.12. kl.11 i Meland Aktiv
Arve Reigstad taler om Tru som blir planta i møte med …
Vi feirer nattverd saman, det blir eigne samlingar for Kongebarna og Sofagjengen, og kyrkjekaffi etter gudstenesta.
Julegudsteneste
Julafta ønsker vi alle velkommen til julegudsteneste kl. 15 i Festsalen på Nordhordland Folkehøgskule
Tradisjon tru syng vi julesongar, vi får høyre juleevangeliet, solosong ved både “Julekoret” og Ingrid Helene, og tale v/ Bjørnar Sæle.
Oppstart 2025
Bønneveka i Normisjon Hordaland
Saman med regionen og dei andre Norkirkene startar vi det nye året i bønn, med særleg fokus på misjon, fellesskap og barn og unge.
Mandag: Bønnesamling i Begen 19:00 – Kompagniet (Bjørnsons gate 11)
Tirsdag: Bønnesamling i Nordhordland 19:30 (i ein eller fleire heimar – TBA)
Onsdag: Bønnesamling i Begen 19:00 – Kompagniet
Torsdag: Bønnesamling i Nordhordland 19:30 (i ein eller fleire heimar – TBA)
Fredag 10.01: Bønn og Lovsang i Bergen 19:00 – Kompagniet
Gjennom veka vil regionen òg sende ut bønevideoar til bruk heime eller i ulike grupper.
Gudsteneste 12.01
Årets første gudsteneste i Norkirken nh er søndag 12.01 i Meland Aktiv kl. 11. Som del av bønneveka, blir tema for denne gudstenesta Bøn.
Vårplanen
Det er lagt ut ein enkel oversikt over vårsemesteret på nettsida: Oversikt vårplan 2025
Alle arrangementa vil òg bli oppdatert i kalenderen.
Oversikten med ansvar og kommentarar blir sendt ut i egen mail i løpet av dagen.
«For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste.» Jesaja 9:6
Mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland