God Helg!

Serafar stod andsynes han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to dekte dei andletet, med to dekte dei føtene, og med to flaug dei. Dei ropa til kvarandre:
"Heilag, heilag, heilag er HERREN Sebaot.
Heile jorda er full av hans herlegdom." – Jesaja 6:2-3

Gode vener i Norkirken,

På søndag feirer vi gudsteneste, G11‑U, med nattverd og bønnevandring, på Frekhaug Bedehus kl. 11:00 – bli gjerne med på bønnemøte før gudstenesta, kl. 10:30

Ungdomsteamet leder oss i lovsang
Bjørnar taler om temaet “Hellig”

Eiga samling for Kongebarna under talen

Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te/kaffimat 🙂

 

Nokre ferske høgdepunkt: 

24.–26. januar arrangerte vi tur til Impuls i Stavanger, vi var 41 ungdommar og fire vaksne som trossa uværet og reiste med buss til Stavanger. Vi fekk ein litt lenger tur ned til Stavanger med ein omveg via Ryfylke då fergene over Boknafjorden vart innstilte, derfor rakk vi heller ikkje starten på første møtet, men eg syns gjengen tok det veldig fint! Gjennom helga var det Celebration – møter med sterkt fokus på lovsang og tilbedelse, forkynnelse og bønn – eit bredt utval seminarer om ulike tema, underhaldning, kafe, stand-område og fellesskap med over 2500 ungdommar! Vi fekk og brukt litt tid saman i gruppa vår, og lørdag åt vi pizza saman på skulen vi budde på.

Årets tema var Ekte – med eit sterkt fokus på bønn. Veldig kjekt å reise på Impuls saman med ungdommane, vi tok med oss mange gode erfaringar av Gud og det kristne fellesskapet heim igjen til kvardagen!

Søndag 26. januar var det òg gudsteneste i Meland Aktiv der Levande Lys deltok med sang, og det var mykje folk til stades – kjekt å høyre rapportar om ei flott gudsteneste!

Lørdag 1. februar inviterte vi til Hjertefokus-teaser saman med ei rekke andre menigheter i Nordhordland. Nærare 60 personar var samla til denne smaksprøven av Hjertefokus-kurset og undervisning om identitet, verdi og at Gud lengter etter å fylle lengslene vi har i våre liv.

 

Denne helga: 

Fresh – Fredag 7.februar
Det blir Fresh på Freakhaug bedehus 19:30–22:30 – kiosk, bordtennis, brettspill, fellesskap og møte + mulighet for karaoke for dei som vil!

Oase-helg i Straume Forum
Ingelin m/ team frå Norkirken leder lovsang fredag og lørdag kveld.

Fredag: TenOase-møte kl. 20 – Daniel Sæbjørnsen taler

Lørdag: Ettermiddagssamling kl. 16 om tru i kvardagen.
Kveldsmøte kl. 19 – Mette Boye og Hans Weichbrodt taler om å “Bli fylt av Ånden”

for meir info: oase.no

 

Fram mot vinterferien:

Årsmøte torsdag 13. februar kl. 19 (middag kl. 18) i Veslestova på Nordhordland folkehøgskule
Innkallelse er sendt ut til medlemmer på mail – ta kontakt om du ikkje har mottatt den.

Påmelding til middag innan søndag 9. februar kl 18

Kva seier Bibelen om disippelskap? – onsdag 19. februar kl. 20 på Kyrkjetorget
Bibelundervisning v/ Bjørnar Sæle

Neste gudsteneste: Søndag 23. februar i Meland Aktiv

 

Bli med i smågruppe!

Ønsker du å bli med i ei smågruppe – eit mindre fellesskap (“ein menighet i menigheten”) der vi deler liv og tru?
Ta kontakt med Bjørnar eller gruppekoordinator Åshild

 

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland