Gode vener i Norkirken!
Vi har fått smaka litt på vinter igjen dei siste vekene (til glede for nokon av oss), men no når fleire er på veg inn i ei veke med vinterferie kjem regnet igjen..
Fellesskapet mellom oss er heldigvis ikkje avhengig av vêret:
På søndag feirer vi gudsteneste på Meland Aktiv kl. 11:00 – bli gjerne med på bønnemøte kl. 10:30
- Halldis Pollen taler om Kristi forklaring på fjellet – frå Lukas 9, 28–36
- Eigne samlingar for Kongebarna og Sofagjengen
- Presentasjon av nytt styre valgt på årsmøtet
- Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te/kaffimat
Fredag er det Fresh på Frekhaug bedehus kl. 19.30–22.30
Vi ønsker dykk alle ei gode veke – vinterferie eller ei, heime eller på reise!
Neste gudsteneste: Søndag 9. mars i Meland Aktiv
Bli med i smågruppe!
Ønsker du å bli med i ei smågruppe – eit mindre fellesskap (“ein menighet i menigheten”) der vi deler liv og tru?
Ta kontakt med Bjørnar eller gruppekoordinator Åshild
Ungdomsgruppe vgs.
Vi jobber vidare for å starte ei gruppe for ungdommar i vgs.-alder etter vinterferien. Denne gruppa vil være lokalisert i Knarvik, heime hjå Laila og Knut Rune. Tidspunkt for oppstart er ikkje fastsett endå, men vi vil gjerne kome i kontakt med dei som er interesserte – ta gjerne kontakt med Bjørnar eller Laila
Etter årsmøtet: Nytt hovedstyre og møtelokale
Torsdag 13. februar var det årsmøte med godt oppmøte (52 deltakarar).
Der vart det valgt inn to nye medlemmar i Hovedstyret: Jan Olav Åmdal i Åndelig lederskap og Renate Waldow i Driftsstyret. Ingjerd Nygaard vart valgt for ein ny periode som vararepresentant i Åndelig lederskap, og John Henanger vart gjenvalgt til Driftsstyret.
Samtidig gjekk Svein Glomnes ut av Hovedstyret etter mange år i Åndelig lederskap og som leiar av Hovedstyret – takk for flott innsats!
I hovedstyremøte denne veka vart Laila Eidsheim Flaa valgt som ny hovedstyreleiar og John Henanger vart gjenvalgt som leiar i Drifsstyret. Det nye Hovedstyret ser dermed slik ut:
Åndelig lederskap:
Laila Eidsheim Flaa (Hovedstyreleiar)
Bjørnar Sæle (Pastor)
Jan Magne Steinhovden
Sæbjørg Kjeka
Jan Olav Åmdal
Ingjerd Nygaard (vara)
Driftsstyret:
John Henanger (Leiar)
Susanne Rebnord
Øyvind Undal
Renate Waldow
Det vart òg gjennomført val av eit nytt medlem i Eldsterådet. Velkommen til Arve Reigstad som ny eldste i Norkirken, og takk til Otto Solsvik for flott innsats gjennom mange år!
Eldsterådet:
Svein Glomnes
Arve Reigstad
Bjørnar Sæle (Pastor)
På årsmøtet vart det òg tatt stilling til møtelokale framover, ei sak som det har blitt jobba med over lengre tid. Årsmøtet gav tilslutning til innstillinga frå Hovedstyret om å flytte aktiviteten frå Meland Aktiv til Frekhaug bedehus. Det planlegges for flytting av aktiviteten frå semesterstart hausten 2025 – meir informasjon kjem når dette er klart.
Endringar i vårplanen
Eit par endringar av datoar i april:
- Sammen i Lovsang: tirsdag 29. april (Meieriet Frekhaug)
- Bibelkveld ved Odd Sverre Hove: onsdag 30. april (Kyrkjetorget)
Sjå kalender på norkirken-nh.no
mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland