Gode vener i Norkirken!
Vi er inne i fastetida, forberedelsestida fram mot påske som handlar om å rette vår merksemd mot det viktigaste: vår relasjon til Far. Det handlar ikkje om å lide for lidelsens skuld, men å legge bort noko for å vinne noko betre – det kan òg være å legge vekk nokre konkrete distraksjonar.
I faste og bøn får vi hjelp til å kome endå nærare Jesus Kristus. Han er fastens mål og meining. Samstundes er denne tida eit godt høve til å legge fram det vi tenker og ber på fram for Gud, om det er oss sjølv, dei rundt oss, våre søsken i trua, dei som ikkje endå trur eller verda vi lever i.
Og hugs: «Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.» – Hebrearane 13:8
På søndag feirer vi igjen gudsteneste i Meland Aktiv kl. 11:00 – bli gjerne med på bønnemøte kl. 10:30!
- Andreas Lorange taler om “Hva kan vi lære av Israels ørkenvandring?”
- Eigne samlingar for Kongebarna og Sofagjengen
- Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te/kaffimat
Fredag er det Fresh på Frekhaug bedehus kl. 19.30–22.30
Kva skjer framover?
“Kva seier Bibelen om å bevare håpet i ei vanskeleg verd?” – Onsdag 19. mars
Bibelundervisning ved Hans Johan Sagrusten, med inspirasjon frå Johannes’ Openberring.
NB kl. 19:00–21:30 på Kyrkjetorget
Neste gudsteneste: G11‑U søndag 23. mars på Frekhaug bedehus — med Afterchurch for ungdom etter gudstenesta (Nærmere plan TBA)
Bli med å be!
For familien Haaland
Vær med å be for våre utsendinger til Bangladesh, familien Haaland, som opplever sjukdom. Eit av barna deira har hatt helseutfordringer som har vedvart ei stund utan at legene har funnet ut kva det er. Dei har tilgang på ganske bra helsevesen i Bangladesh, men usikkerheten rundt situasjonen har gjort at dei no har komt til Noreg for fleire undersøkingar.
- Be for barnet med desse helseutfordringane, at legane skal finne ut av det, og om helbredelse.
- Be for familien, Gerd-Eli, Hallgeir og barna, som no er i Noreg på ubestemt tid, og for uforutsigbarheten det medfører for både barn og vaksne.
- Be for arbeidet i Bangladesh som dei har reist ifrå, for den lokale staben til Normisjon og dei andre utsendingane i landet.
Bøn i fastetida
Her er nokre konkrete punkt med utgangspunktet i bønneteamet si liste til forbøna under gudstenestene våre – be gjerne over dette gjennom fastetida:
-
-
- Menigheten vår og alle som høyrer til menighetsfamilien vår: barn, ungdom, vaksne, eldre.
- Visjonen vår: «Vi vil ære Gud og formidle hans kjærlighet.»
- Dei tilsette, Hovedstyret, Åndeleg leiarskap, Driftsstyret og Eldsterådet
- Alle frivillige i ulike tenester
- Kongebarna og Sofagjengen, Fresh og ungdomsarbeidet elles, Gjeng, Tentro og konfirmantane våre
- Ungdomane våre som studerer, går på bibelskule/folkehøgskule og er i forsvaret
- Dei eldre i menigheten og Seniors
- Misjonsarbeidet vårt i Bangladesh
- Normisjon sitt arbeid i regionen vår, i Noreg og rundt om i verda
- Våre forfulgte trussøsken – World Watch List 2025
- Israel og situasjonen i Midtausten – vi ber om fred
- Verden – for krigar, katastrofar og ulykke, og dei som lider på grunn av det.
- Landet vårt, Storting, regjering og kongehus
- Dei ulike teama og husgruppene våre
- Naboar og vener – og spesielt dei som ikkje kjenner Jesus. Kven legger Jesus på mitt hjarte?
- Kyrkjene i regionen vår – om einskap og kjærleik mellom oss
- Flyktningar og innvandrarar
- Særlege aktuelle hendingar, katastrofer, krig eller ulukker
-
I år overlappar fastetida med muslimane si faste, ramadan. Mange muslimar er meir opne for kva Gud vil seie i løpet av ramadan.
Be for verdas muslimar og får våre muslimske vener når dei fastar, be om at dei skal møte Jesus og å bli kjent med den sanne Gud.
Bli med i smågruppe!
Ønsker du å bli med i ei smågruppe der vi deler liv og tru? – Ta kontakt med Bjørnar eller gruppekoordinator Åshild
Ungdomsgruppe vgs.
Vi nærmer oss stadig å starte ei gruppe for ungdommar i vgs.-alder. Denne gruppa vil være lokalisert i Knarvik, heime hjå Laila og Knut Rune. Tidspunkt for oppstart vert bestemt utifrå kva som passar for ungdommane som blir med og for Laila som skal lede gruppa – så ta gjerne kontakt med Bjørnar eller Laila ved interesse!
Medlemsskap
Driftsstyret sender ut informasjon om betaling av medlemskontigent før påske, der vil det òg følgje litt info om ulike typer medlemskap.
Ta kontakt med pastor Bjørnar Sæle eller hovedstyreleder Laila Eidsheim Flaa om du ønsker å bli medlem i Norkirken Nh, eller berre vil ha meir informasjon om medlemskap, kva det vil seie å være medlem og om medlemskurs.
mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland