God helg!

Skumles du nyhetsmailen litt selektivt? Då kan eg allereie her avsløre at det først kjem ein kort andakt/refleksjon, deretter informasjon om denne helga, litt om kva som skjer framover, og til slutt litt diverse info. God fornøyelse!

Gode vener i Norkirken!

På onsdag hadde Hans Johan Sagrusten bibelundervisning på Kyrkjetorget. Med temaet “Kva seier bibelen om å bevaret håpet i ei vanskeleg verd?” underviste han frå Johannes’ openberring, som han kallar ei enkel bok om Jesus.

Mellom dei mektige syna, meislar openberringsboka ut eit tidlaust bodskap til oss frå Jesus. Til dømes: “Eg veit kvar du bur” og “Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør”. Boka fortel òg om syn inn i himmelen: der stod ei trone, “og det sat ein på trona” – Jesus sit framleis på den trona!

Knytt til denne kyrkjeårssøndagen, Maria bodskapsdag, kan vi merke oss orda frå Maria sin slektning, Elisabet. Fylt av anden talar ho trusstyrkande til Maria, og til oss andre: “Sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast” (Luk 1:45).

Ved Jesus er Guds rike kome nær, det er oppfylt – allereie, men endå ikkje. Fram til den endelege sigeren openberringsboka vitnar om, når Jesus ein dag kjem tilbake og oppretter sitt rike fullt ut slik det var tenkt frå skapinga, utrustast vi til å vera tolmodige og til å halda ut under det presset som livet har lagt på oss. Det er det håpet Jesu Kristi openberring vitnar om.

Denne helga:

Fresh

Fredag kl. 19.30–22.30 på Frekhaug bedehus

G11‑U

Søndag kl. 11 på Frekhaug bedehus. G11‑U er ei gudstenste for alle, spesielt retta mot ungdommar, og med fleire ungdommar i teneste.

  • Simon Sæle Kjenes taler om temaet “Å leve med evigheten som mål”
  • Eiga samling for Kongebarna
  • Nattverd og bønnevandring
  • Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te/kaffimat
  • Bli gjerne med på bønnemøte før gudstenesta – kl. 10:30

Afterchurch

Etter gudstenesta er det Afterchurch for ungdommar frå 8.klasse +
Det skjer utanfor Frekhaug bedehus, og det blir volleyball-turnering, diverse utendørsaktiviteter og bålpanne (med pølser og smores).

Spre ordet og inviter med dykk nokon! Vi håper mange ungdommar vil bli med oss!

Kva skjer framover?

I Norkirken:

Neste gudsteneste: søndag 6. april i Meland Aktiv

I påsken har vi gudsteneste 2. påskedag, mandag 21. april – familiegudsteneste med nattverd der vi feirer oppstoda og synger mange kjære påskesangar.

Utover det oppfordrar eg dykk til å sjekke ut kva som er på programmet for påsken i andre kyrkjer og forsamlingar i nærområdet (eller der du feirer påske), eller tenk på om du/de ynskjer å invitere til ei samling (heime eller ein annan stad) ein av dei andre dagane i påskehøgtida.

Andre tips:

Garness, med vår lovsangsleiar, Ingelin, er for tida på release-turné med det nye albumet “Restart”. Sjå garnessmusic.com for info om konsertar og billetter.

  • 25. mars: Madam Felle, Bergen
  • 26. mars: Meieriet, Frekhaug

Påskemusikalen “Lys Levende”, arrangert av Ostereidet Soul Kids, Soul Children og Te Deum, har fleire oppsetningar før påske (gratis inngang):

  • 4. april: Ostereidet kyrkje kl. 18
  • 5. april: Lindås kyrkje kl. 16
  • 6. april: Sandnes kyrkje kl. 16

Galleri Normisjon

Normisjon Hordaland sin bruktbutikk i Bergen (Inger Bang Lunds vei 13). Butikken drives av frivillige og inntektene går til Acta – barn og unge i Normisjon sitt arbeid i regionen.

Dei sel møblar, klede, sko, serviser, glass, nips +++

Er du interessert i gi bort varer som kan selgast, sjå åpningstider eller vil ha meir informasjon – sjekk ut Galleri Normisjon Bergen

Bli med i smågruppe!

Ønsker du å bli med i ei smågruppe der vi deler liv og tru? – Ta kontakt med Bjørnar eller gruppekoordinator Åshild

Ungdomsgruppe vgs.

Vi nærmer oss oppstart for ei smågruppe for ungdommar i vgs.-alder. Gruppa vil samlast i Knarvik, heime hjå Laila og Knut Rune. Aktuelle dagar og tidspunkt finn vi i fellesskap med dei som vil bli med – ta gjerne kontakt med Bjørnar eller Laila om ein er interessert!

 

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland