God helg!

Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta» – Johannes 6,35

Gode vener i Norkirken!

Takk for fint fellesskap på G11‑U 23. mars. Etter gudstenesta var ein flott gjeng ungdommar samla til Afterchurch med aktiviteter og mat på bålpanne. Det blir Afterchurch for ungdommar igjen etter neste G11‑U 4. mai – då med ei utflukt av eit eller anna slag!

Søndag 6. april samlast vi igjen til gudsteneste kl. 11 i Meland Aktiv.

  • Bjørnar Sæle taler frå Johannes 6,24–36
  • Kongebarna og Sofagjengen
  • Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te/kaffimat
  • Bli gjerne med på bønnemøte før gudstenesta – kl. 10:30 på galleriet i foajeen.

Fresh

På fredag er det som vanleg Fresh på Frekhaug bedehus kl. 19.30–22.30

Kva skjer framover?

Neste gudsteneste: andre påskedag – mandag 21. april kl. 11 i Meland Aktiv.
Familiegudsteneste med nattverd der vi feirer oppstoda og synger mange kjære påskesangar.

Utover det oppfordrar eg dykk til å sjekke ut kva som er på programmet for påsken i andre kyrkjer og forsamlingar i nærområdet (eller der du feirer påske), eller tenk på om du/de ynskjer å invitere til ei samling (heime eller ein annan stad) ein av dei andre dagane i påskehøgtida.

Konfirmasjonsgudstenester Tentro – 26. og 27. april
Be gjerne for våre fire konfirmanter – Isabel, Peder, Martin og Silas – og dei 30 andre 30 Tentro-konfirmantane.

Sammen i lovsang – tirsdag 29. april kl. 19:30 – Meieriet Frekhaug

Bibelkveld – onsdag 30. april kl. 20:00 – Kyrkjetorget Frekhaug.
Undervisning ved Odd Sverre Hove: “Kva seier Bibelen om englefyrstar, Israel og den kristne kyrkja?” – Eit møte med teologen Michael Heisers tankar”.

Oppdatering frå familien Haaland

Som tidlegare nevnt i nyhetsbrev og på gudsteneste, kom familien Haaland heim frå Bangladesh for snart fire veker sidan grunna sjukdom. Mellomste sonen vart utskriven frå sjukehus etter nesten ei veke, og har vore i betring dei siste vekene. No har han så smått begynt på skulen igjen i Bergen, og planen er at han neste veke skal på skulen ein time kvar dag. Dei to andre barna har òg begynt på skulen og funnet seg godt til rette. Hallgeir og Gerd Eli uttrykker at dei har fleire grunnar til å vere takknemlige midt i ein krevande periode!

Grunna fleire helseutfordringar dei siste månadane, og usikkerhet rundt ein tidkrevande prosess med å søke nytt visum, har dei tatt avgjersla om å bli verande i Noreg. Dei opplever at denne forutsigbarheten er bra for barna.

Samtidig fortel dei at det er vanskelig å forlate Bangladesh. Det var mykje bra med livet i Bangladesh, og tenesta opplevdes svært meiningsfull! Det er ei sorg i det å ikkje skulle bu og tene i Bangladesh. Samtidig er det mange flotte medarbeidarar i Normisjon Bangladesh og Asiabasen som vil fortsette det viktige arbeidet, sjølv om dei flytter heim.

Gerd Eli og Hallgeir vil framleis jobbe i Normisjon fram til sommaren, og er det moglegheit for det, satsar Hallgeir på å reise ein tur til Bangladesh i mai.

Dei takkar for alle som har stått saman med dei i oppturar og nedturar, og set pris på om vi heldt fram med å be for dei i tida som kjem!

Bangladesh: Tener Gud med barnekor

Sylvelin Sæle, som har vokst opp i Norkirken, er dette semesteret volontør for Normisjon i Bangladesh. Ønsker de eit lite innblikk i hennar teneste der, kan de lese denne artikkelen på normisjon.no – Tjener Gud med barnekor

Der finn de òg andre nyheter frå Normisjon, både frå Noreg og misjonsfelta rundt om i verda – som dette ferske vitnesbyrdet frå Bangladesh – Gud lever, jeg så ham

Bli med i smågruppe!

Ønsker du å bli med i ei smågruppe der vi deler liv og tru? – Ta kontakt med Bjørnar eller gruppekoordinator Åshild

Ungdomsgruppe vgs.

Vi nærmer oss oppstart for ei smågruppe for ungdommar i vgs.-alder. Gruppa vil samlast i Knarvik, heime hjå Laila og Knut Rune. Aktuelle dagar og tidspunkt finn vi i fellesskap med dei som vil bli med – ta gjerne kontakt med Bjørnar eller Laila om ein er interessert!

 

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland