Gode vener i Norkirken!
Det er langfredag, men påskedag kjem.
At Jesus døde for oss er berre halve historia. Han stod opp. For oss. Det endrer alt!
Andre påskedag, mandag 21. april, feirer vi påskegudsteneste kl. 11 i Meland Aktiv.
Felles gudsteneste for heile familien (ikkje eigne samlingar for kongebarna og sofagjengen).
Saman syng vi påskelovsangar, feirer nattverd og har fellesskap med kvarandre. Bjørnar taler om verdens viktigaste historie: Lys over mørke, liv over død!
Etter gudstenesta blir det sosialt og kyrkjekaffi – ta med te/kaffi og noko å bite i!
Kva skjer framover?
Neste helg er det konfirmasjonsgudstenester for årets Tentro-konfirmanter – to gudstenester lørdag og ei søndag.
Be gjerne for våre fire konfirmanter: Isabel, Peder, Martin og Silas – og dei 30 andre Tentro-konfirmantane.
Tysdag 29. april kl. 19:30 inviterer Norkirken til Sammen i Lovsang på Meieriet, Frekhaug.
Sammensatt lovsangsteam frå fleire menigheter, apell, bøn og forbøn.
Onsdag 30. april kl. 20 – Kva seier Bibelen om englefyrstar, Israel og den kristne kyrkja? eit møte med teologen Michael Heisers tankar. Undervisning ved Odd Sverre Hove.
Neste gudsteneste i Norkirken: G11‑U 4. mai kl. 11 på Frekhaug Bedehus – med Afterchurch for ungdommane
mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland