Norkirken Nordhordland har i dag ca. 90 voksne medlemmer, og ønsker stadig fleire medlemmar velkommen til menigheten.
For å bli sjølvstendig medlem i Norkirken Nordhordland må ein vere døypt, fylt 15 år, vedkjenna trua på Jesus Kristus, ha gjennomført medlemskurs og slutta seg til Norkirken sin basis, formål og vedtekter.
Medlemskurset er eit uforpliktande informasjonsmøte (ca. 1,5 time) der du får eit innblikk i kva Norkirken Nordhordland er og står for. Vi ønskjer òg å bli betre kjent med deg og høyre kva du brenner for. Vi setter opp medlemsskurs tidleg i kvart semester, eller etter ønskje andre deler av året. Ved oppstart av haustsemesteret 2025 vil vi òg for første gong halde eit eige medlemsskurs for ungdommar.
Vi ønskjer at dei som tilhøyrer fellesskapet vårt vert medlemmar. Det er ein fin måte å vise at Norkirken er menighetsfamilien ein tilhøyrer. Saman utgjer vi ulike lemer på Kristi kropp – Éi tru, éin Herre, éin familie!
Vi ønskjer at medlemmane våre er med i ei smågruppe/husfellesskap, deltar jevnlig når vi samlast til gudstenester og tar del i ei teneste utifrå kva dei brenner for, har mulighet til og kva nådegaver dei er utrusta med. Slik byggjer vi menighetsfellesskapet saman og vert utrusta til å følgje Jesus og vise Guds kjærleik til menneska rundt oss.
Medlemmar kan òg melde inn barna sine som medlemmar i Norkirken gjennom familiemedlemskap.
Acta – Barn og unge i Normisjon: Kongebarna og Sofagjengen
Uavhengig om barna er medlem gjennom familiemedlemskap eller ikkje, kan dei meldast inn som medlemmar i Acta-laga Kongebarna og Sofagjengen. Desse laga mottar støtte til å drive arbeidet sitt for kvart betalande medlem, vi får derfor mykje igjen for kvart betalande medlem.
(Dette er det same som vi tidlegare år har tatt betalt for i løpet av haustsemesteret).
Sjå oversikt over ulike medlemskap og informasjon om betaling under.
Kontakt:
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om medlemskap og medlemskurs kan du ta kontakt med pastor, Bjørnar Sæle, eller hovedstyreleiar, Laila Eidsheim Flaa.
Spørsmål om betaling og andre henvendelser til driftsstyret kan sendast til driftsstyreleiar, John Henanger.
–
Venleg helsing Driftsstyret i Norkirken Nordhordland
Oversikt over ulike medlemskap:
1 – Medlemsskap i Norkirken Nordhordland:
For å bli medlem må ein:
- vere døypt med ein kristen dåp
- bekjenne trua på Jesus Kristus
- vere fylt 15 år
- ha gjennomført medlemskurs
- ha underteikna medlemsavtalen
- ha betalt medlemskontingent kr 200,- pr. år
2 – Familiemedlemskap:
- Vaksne medlemmar kan gratis melda inn barna sine som medlemmar fram til dei fyller 18år.
- Barna i familiemedlemskap har ikkje stemmerett på årsmøte.
- Barn over 15 år kan bli sjølvstendige medlemmar ved å oppfylle punkta over for Medlemskap i Norkirken Nordhordland
- Familiemedlemskap meldes inn til John Henanger pr. mail john@henanger.net – skriv fullt navn og fødselsår for barna ein melder inn.
3 – Kongebarna 3–10år, medlemskap:
- Frivillig medlemskap kr 100,- pr.år
- Kongebarna er eit eige lag tilslutta Acta- Barn og unge i Normisjon.
- Kongebarna mottar frifondsmidler gjennom Acta for kvart betalande medlem.
4 – Sofagjengen 6.–9.klasse, medlemskap:
- Frivillig medlemskap kr 100,- pr.år
- Sofagjengen er eit eige lag tilslutta Acta- Barn og unge i Normisjon.
- Sofagjengen mottar frifondsmidler gjennom Acta for kvart betalande medlem.
Betaling:
enten
- Vipps : #791908 – QR-kode under
- Velg kva medlemskapet gjeld i vipps-«handlekorga»
- Merk innbetaling med namn
eller
- Kontonummer: 3632.50.83195
- Merk innbetaling med namn og type medlemskap