God helg!

Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja bygd og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu
i heimen med fred og hyggja!

Gode vener i Norkirken Nordhordland!

I Fedrelandssalmen bruker Elias Blix nokre linjer frå Salme 127 til å minne om at det er Gud som byggjer og vaktar oss og landet vårt. Alle gode gåver kjem frå Gud, og utan Gud arbeider vi fåfengt. Denne påminninga treng vi stadig. 17.mai kan vi med god grunn retta takk til Gud for fridom og fred i landet vårt, og samtidig å be for land og folk, og legge liva våre, med alt vi står i og alt vi styrer med, i Guds hender.

Fresh – velkommen til 7.klassingar

Fredag 16.mai er det Fresh på Frekhaug bedehus, med Nasjonaldagsstafett på programmet..
Denne, og dei to gjenverande gongane før sommarferien, er 7.klassingar hjarteleg velkommen til å bli med på Fresh!

Gudsteneste 18. mai

På søndag samlast vi igjen til gudstjeneste i Meland Aktiv kl. 11.

Talen blir den første av to taler i ein kort taleserie om bøn, med utgangspunkt i Vår Far.
Samlingar for Kongebarna og Sofagjengen.
Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te/kaffimat.

Alle er invitert til bønnemøte før gudstenesta, kl. 10:30 på galleriet i foajeen.

Tur til Eldsfjellet

Etter gudstenesta blir det tur til Eldsfjellet for dei som vil!
Det blir sosialt tempo, slik at turen passar for flest mogeleg.
Ta med solkrem, niste og gode sko (+ badetøy, om nokon vil bada på veg tilbake).

 

Inspirasjonskveld i Kristkirken utsatt!

I førre nyhetsbrev informerte eg om at leiargruppa for Agenda1 Bergen, der Norkirken Nh er med, skulle arrangere ein felles inspirasjonskveld i Kristkirken 22. mai.

Av ulike grunnar vert denne samlinga utsatt til i haust – vi kjem tilbake med ny dato.

Vi i leiargruppa i Agenda1 Bergen trur framleis ei slik samling kan ha stor verdi for kyrkjene våre, og håper mange vil bli med på denne samlinga. Tittelen på arrangementet blir “Mitt møte med Jesus”, og målet er at vi gjennom å høyre historier om korleis menneske har kome til tru, kan la oss inspirere til å dele evangeliet med folk rundt oss og snakke saman om korleis dette kan sjå ut i praksis.

 

Gudstenester fram mot sommaren:

Søndag 1.juni kl. 11 i Meland Aktiv – Nattverd. Kongebarna og Sofagjengen.

Mandag 9.juni kl. 11 på Nordhordland folkehøgskule – Pinsefest saman med Norkirken Bergen, Norkirken Os og Normisjon Hordaland. Bergen Soul Children blir med. Einar Ekerhovd taler. Kongebarna og Sofagjengen. Grilling etter gudstenesta.

Søndag 22. juni kl 12. – Sommerfest på Tofting

 

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland