På søndag samlast vi til Sommarfest, kl. 12:00 på Tofting.
Marit og Andreas Fosse inviterer nok ein gong til ferieperla si på Tofting. Det blir utandørs familiegudsteneste følgd av grilling, leik, aktiviteter og bading! Ta gjerne med dykk grillmat + evt. kaffi/kaffimat etter eige ønskje. Vertskapet stiller med griller.
Vi ber om godt vêr, men kle dykk etter det vêret som er og som er meldt. Dersom det blir av det våte slaget, vil det være mulig å søke ly i sjøbua og naustet. Vi har trua på ei fin samling uansett vêr.
Adresse: Lurevegen 1101, 5912 Seim*
*NB! Det kan hende Google Maps prøver å lokke deg inn på ein traktorveg det siste stykket, men ikkje la deg lure. Følg Lurevegen mot Lygra (og Lyngheisenteret) gjennom Y‑krysset der du må velje mellom å køyre mot Lygra eller Feste. Ta til høgre etter første 90-graderssving (før brua til Toftingholmen). Det er skilta til husnummera, og vil bli satt opp eit skilt med “Norkirken”. Køyr til enden av vegen.
Sommaren
Håpar de alle får ein fin sommar, enten de skal ha ferie eller jobbe, om de er heime eller på reise. Håpar de får kopla av, kjenne på litt sommarvarme, og får godt andeleg påfyll – på ulike sommarstevne eller leirar, i fellesskap med kvarandre og med Gud. Eg oppfordrer dykk ekstra sterkt til å følgje ein bibelleseplan i sommar og sette av tid med Gud, når vi forlèt kvardagen sine rutinar og ikkje har gudstenester og smågruppesamlingar.
Sjølv om det ikkje er noko organisert aktivitet i Norkirken gjennom ferien, må de gjerne ta initiativ til andre møtepunkt.
De som er på Facebook kan gjerne bruke facebookgruppa Norkirke-familien NH som oppslagstavle. Er du ikkje med i gruppa, kan du enten følgje linken over eller søke opp navnet på gruppa – trykk “bli med”, så legger vi dykk til (de kan evt. spørre nokon andre i menigheten om dei kan leggje dykk til).
Haustplan:
Her er oversikt over hausten. Følg med på kalender på nettsida, nyhetsbrev og Facebook/Instagram for eventuelle endringar undervegs. Fullstendig haustplan med ansvarsfordeling er delt med alle teamleiarane.
søn.10.aug | Gudsteneste | 11:00 | Frekhaug Bedehus |
søn.24.aug | Gudsteneste | 11:00 | Frekhaug Bedehus |
ons. 3. sept | Bibelkveld | 20:00–21:30 | Kyrkjetorget |
søn.07.sept | Gudsteneste | 11:00 | Frekhaug Bedehus |
søn. 21. sept | G11‑U m/ Afterchurch | 11:00 | Frekhaug Bedehus |
tirs. 23.sept | Medlemskurs | 19:00 | Frekhaug Bedehus |
ons. 1.okt | Bibelkveld | 20:00–21:30 | Kyrkjetorget |
3.–5.okt | Fresh-weekend | Heile helga | Wallemtunet |
søn.05.okt | Gudsteneste | 11:00 | Frekhaug Bedehus |
søn. 19.okt | Gudsteneste | 11:00 | Frekhaug Bedehus |
søn.02.nov | Gudsteneste | 11:00 | Frekhaug Bedehus |
ons. 5.nov | Bibelkveld | 20:00–21:30 | Kyrkjetorget |
lør. 8.nov | Nordhordlandsfest | 11:30–23:30 | Nordhordland fhs. |
søn. 16.nov | Gudsteneste | 11:00 | Frekhaug Bedehus |
21.–23.nov | Tentro-leir | Heile helga | Dyrkolbotn |
Tors. 20.nov | Medlemsmøte | 19:00 | Frekhaug Bedehus |
søn.30.nov | G11‑U m/ Afterchurch | 11:00 | Frekhaug Bedehus |
lør. 6. des | Barnas dag | 11.00- 15.00? | Nordhordlands-hallen |
søn.14.des | Gudsteneste | 11:00 | Frekhaug Bedehus |
onsdag 24. des | Julegudsteneste | 15:00 | Nordhordland fhs. |
Fresh: Fredagar i partalsveker kl. 19:30–22:30 på Frekhaug Bedehus.
Tentro: Mandagar i partalsveker kl. 19:00–21:00 på Nordhordland Bibelsenter. Frå oppstart 1. september — konfirmasjonshelga 25./26. april. Påmelding til tentronh@gmail.com ut august.
Tema/Taleserie: Frå 24. august til 19.oktober skal vi ha ein spennande taleserie frå Efesarbrevet, med tittelen: “I Kristus”. Resten av semesteret følger vi andre tema, knytt til kyrkjeåret eller andre fokusområder.
For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei – Efesarane 2:10
Ynskjer dykk alle ei god helg og ein velsigna sommar!
mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland