God sommar!

Skuleferien er i gang, og mange av dei arbeidande er gjerne snart på veg inn i sommarferie (eller allereie godt i gang). Før vi tar ein pause frå organiserte møtepunkt i Norkirken for sommaren, har vi ei gudsteneste igjen – bli med på sommarfest på Tofting!

På søndag samlast vi til Sommarfest, kl. 12:00 på Tofting.

Marit og Andreas Fosse inviterer nok ein gong til ferieperla si på Tofting. Det blir utandørs familiegudsteneste følgd av grilling, leik, aktiviteter og bading! Ta gjerne med dykk grillmat + evt. kaffi/kaffimat etter eige ønskje. Vertskapet stiller med griller.

Vi ber om godt vêr, men kle dykk etter det vêret som er og som er meldt. Dersom det blir av det våte slaget, vil det være mulig å søke ly i sjøbua og naustet. Vi har trua på ei fin samling uansett vêr.

Adresse: Lurevegen 1101, 5912 Seim*

*NB! Det kan hende Google Maps prøver å lokke deg inn på ein traktorveg det siste stykket, men ikkje la deg lure. Følg Lurevegen mot Lygra (og Lyngheisenteret) gjennom Y‑krysset der du må velje mellom å køyre mot Lygra eller Feste. Ta til høgre etter første 90-graderssving (før brua til Toftingholmen). Det er skilta til husnummera, og vil bli satt opp eit skilt med “Norkirken”. Køyr til enden av vegen.

Sommaren

Håpar de alle får ein fin sommar, enten de skal ha ferie eller jobbe, om de er heime eller på reise. Håpar de får kopla av, kjenne på litt  sommarvarme, og får godt andeleg påfyll – på ulike sommarstevne eller leirar, i fellesskap med kvarandre og med Gud. Eg oppfordrer dykk ekstra sterkt til å følgje ein bibelleseplan i sommar og sette av tid med Gud, når vi forlèt kvardagen sine rutinar og ikkje har gudstenester og smågruppesamlingar.

Sjølv om det ikkje er noko organisert aktivitet i Norkirken gjennom ferien, må de gjerne ta initiativ til andre møtepunkt.

De som er på Facebook kan gjerne bruke facebookgruppa Norkirke-familien NH som oppslagstavle. Er du ikkje med i gruppa, kan du enten følgje linken over eller søke opp navnet på gruppa – trykk “bli med”, så legger vi dykk til (de kan evt. spørre nokon andre i menigheten om dei kan leggje dykk til).

Haustplan:

Her er oversikt over hausten. Følg med på kalender på nettsida, nyhetsbrev og Facebook/Instagram for eventuelle endringar undervegs. Fullstendig haustplan med ansvarsfordeling er delt med alle teamleiarane.

søn.10.aug Gudsteneste 11:00 Frekhaug Bedehus
søn.24.aug Gudsteneste 11:00 Frekhaug Bedehus
ons. 3. sept Bibelkveld 20:00–21:30 Kyrkjetorget
søn.07.sept Gudsteneste 11:00 Frekhaug Bedehus
søn. 21. sept G11‑U m/ Afterchurch 11:00 Frekhaug Bedehus
tirs. 23.sept Medlemskurs 19:00 Frekhaug Bedehus
ons. 1.okt Bibelkveld 20:00–21:30 Kyrkjetorget
3.–5.okt Fresh-weekend Heile helga Wallemtunet
søn.05.okt Gudsteneste 11:00 Frekhaug Bedehus
søn. 19.okt Gudsteneste 11:00 Frekhaug Bedehus
søn.02.nov Gudsteneste 11:00 Frekhaug Bedehus
ons. 5.nov Bibelkveld 20:00–21:30 Kyrkjetorget
lør. 8.nov Nordhordlandsfest 11:30–23:30 Nordhordland fhs.
søn. 16.nov Gudsteneste 11:00 Frekhaug Bedehus
21.–23.nov Tentro-leir Heile helga Dyrkolbotn
Tors. 20.nov Medlemsmøte 19:00 Frekhaug Bedehus
søn.30.nov G11‑U m/ Afterchurch 11:00 Frekhaug Bedehus
lør. 6. des Barnas dag 11.00- 15.00? Nordhordlands-hallen
søn.14.des Gudsteneste 11:00 Frekhaug Bedehus
onsdag 24. des Julegudsteneste 15:00 Nordhordland fhs.

Fresh: Fredagar i partalsveker kl. 19:30–22:30 på Frekhaug Bedehus.

Tentro: Mandagar i partalsveker kl. 19:00–21:00 på Nordhordland Bibelsenter. Frå oppstart 1. september — konfirmasjonshelga 25./26. april. Påmelding til tentronh@gmail.com ut august.

Tema/Taleserie: Frå 24. august til 19.oktober skal vi ha ein spennande taleserie frå Efesarbrevet, med tittelen: “I Kristus”. Resten av semesteret følger vi andre tema, knytt til kyrkjeåret eller andre fokusområder.

For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei – Efesarane 2:10

Ynskjer dykk alle ei god helg og ein velsigna sommar!

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland