God helg! Første gudsteneste etter ferien

Gode vener i Norkirken! Fellesferien er over, skuleferien på hell og kvardagen nærmer seg igjen. Håpar de har hatt ein god sommar, kva enn det har fylt den med og kor enn de har vore. Noko av det eg ser mest fram til med oppstarten av eit nytt semester er å igjen samlast regelmessig til fellesskap med familien av søsken i trua på Jesus.

På søndag samlast vi til gudsteneste kl. 11:00 på Frekhaug Bedehus.

Andreas Lorange taler om temaet “Korleis leve med usikkerhet?”
Samlingar for Kongebarna og Sofagjengen.
Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te/kaffimat.

Alle er invitert til bønnemøte før gudstenesta, kl. 10:30

Haustsemesteret i Norkirken

Her er oversikt over hausten. Følg med på kalender på nettsida, nyhetsbrev og Facebook/Instagram for eventuelle endringar undervegs og arrangement som kan kome i tillegg til dei som står i haustplanen.

Fullstendig haustplan med ansvarsfordeling er delt med alle teamleiarane (og vert oppdatert forløpande).

DatoArrangementTidStad
søn.10.augGudsteneste11:00Frekhaug Bedehus
søn.24.augGudsteneste11:00Frekhaug Bedehus
ons. 3. septBibelkveld20:00–21:30Kyrkjetorget
søn.07.septGudsteneste11:00Frekhaug Bedehus
søn. 21. septG11‑U m/ Afterchurch11:00Frekhaug Bedehus
tirs. 23.septMedlemskurs19:00Frekhaug Bedehus
ons. 1.oktBibelkveld20:00–21:30Kyrkjetorget
3.–5.oktFresh-weekendHeile helgaWallemtunet
søn.05.oktGudsteneste11:00Frekhaug Bedehus
søn. 19.oktGudsteneste11:00Frekhaug Bedehus
lør. 1.novNordhordlandsfest11:30–23:30Nordhordland fhs.
søn. 02.novGudsteneste11:00Frekhaug Bedehus
ons. 5.novBibelkveld20:00–21:30Kyrkjetorget
søn. 16.novGudsteneste11:00Frekhaug Bedehus
Tors. 20.novMedlemsmøte19:00Frekhaug Bedehus
21.–23.novTentro-leirHeile helgaDyrkolbotn
søn.30.novG11‑U m/ Afterchurch11:00Frekhaug Bedehus
lør. 6. desBarnas dag11.00- 15.00 (?)Nordhordlands-hallen
søn.14.desGudsteneste11:00Frekhaug Bedehus
onsdag 24. desJulegudsteneste15:00Nordhordland fhs.

NB! Ny dato for Nordhordlandsfest: Lørdag 1.november

Fresh: Fredagar i partalsveker kl. 19:30–22:30 på Frekhaug Bedehus.

Tentro: Mandagar i partalsveker kl. 19:00–21:00 på Nordhordland Bibelsenter. Frå oppstart 1. september — konfirmasjonshelga 25./26. april. Påmelding til tentronh@gmail.com ut august.

Tema/Taleserie: Frå 24. august til 19.oktober skal vi ha ein spennande taleserie frå Efesarbrevet, med tittelen: “I Kristus”. Resten av semesteret følger vi andre tema, knytt til kyrkjeåret eller andre fokusområder.

For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei – Efesarane 2:10

Bli med i teneste og smågruppe!

Vi har plass til fleire i teneste og alle tenestegruppene er opne for nye medarbeidarar. Ta kontakt dersom du ønsker du å bli med i ei av tenestegruppene eller berre ønsker ein prat om kva du brenner for og kan bidra med inn i fellesskapet.

Her er nokre konkrete tenester der det er særleg behov for nye medarbeidarar:

  • Møteverter – med fokus på å ønske velkommen i døra, med eit spesielt ansvar for å sjå og ta kontakt med nye under kirkekaffien.
  • Leiar på Kongebarna eller Sofagjengen – bli med å legge til rette for gode samlinger for barn og unge under gudstjenestene våre saman med dyktige og brennande medarbeidarar som allereie står i denne tenesta og vil bidra for å gi dykk ein god start og legge til rette for at de kan bidra med det de er gode på.
  • Leiar på Fresh – Ungdomsarbeidet vårt i samarbeid med Frekhaug Indremisjon har vore i fin vekst dei siste åra. Bli med å legge til rette for gode møtepunkt for ungdomane vidare.
  • Barnas dag lørdag 6. desember – vi får låne Nordhordlandshallen, og Knarvik Misjonshus er med på laget.
    Bli med å arrangere ein dag for barn i regionen, ein fantastisk mulighet til å vise godhet til folk rundt oss, gjennom å gi barna ein kjekk aktivitetsdag og gi foreldra fri til å gjere unna forberedelser til jul. I førsteomgang trenger vi nokon som kan være med i komité og planlegge dagen.

 

Ønsker du å bli med i eit smågruppefellesskap? Kontakt gruppekoordinator, Åshild, eller underteikna.

 

Ynskjer dykk alle ei god helg og ein god start på haustsemesteret!

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland