Gode vener i Norkirken!
Fredag er det Fresh for ungdommar frå 8.klasse og oppover kl.19:30 til 22:30 på Frekhaug bedehus.
Søndag samlast vi til gudsteneste kl. 11 på Frekhaug bedehus
Vi heldt fram med taleserien “I Kristus” frå Efesarbrevet.
Halldis Pollen taler frå Efesarane 3:14–21
(Efesarane 2 kjem på G11‑U om to veker, derfor hopper vi litt fram og tilbake)
Samlinger for Kongebarna og Sofagjengen.
Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te/kaffimat.
Alle er invitert til bønnemøte før gudstenesta, kl. 10:30
Kva skjer framover:
Møte med Trevor Downham, Norwegian Settlers Church, Sør-Afrika
Onsdag 17. sept kl.19:30 – Kompagniet, Bergen (meir info nederst).
G11‑U + Afterchurch! Gudsteneste og kyrkjekaffi for alle, Afterchurch for ungdomar 8.kl.+
Søndag 21. sept kl. 11:00 – Frekhaug bedehus
Medlemskurs
Ønsker du å bli medlem eller berre vite meir om kva Norkirken er og står for?
Ønsker du å koble deg på fellesskapet og bidra inn med dine styrker og gåver?
Kurset er ikkje forpliktande, men er nødvendig for å bli medlem.
Tysdag 23. sept kl. 18:00–19:30 – Frekhaug bedehus (Kjellerstova)
Bli med i teneste og smågruppe!
Vi har plass til nye medarbeidarar i mange ulike tenester. Bli med å bygg fellesskapet saman, med det du brenner for og kan bidra med! Ta kontakt dersom du ønsker du å bli med i ei av tenestegruppene eller berre ønsker ein prat.
Ønsker du å bli med i eit smågruppefellesskap? Ta kontakt så finner ei gruppe til deg!
mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland
Meir om Møte med Trevor Downham, Norwegian Settlers Church, Sør-Afrika
Onsdag 17. sept kl.19:30 – Kompagniet/Norkirken Bergen, Bjørnsons gate 11, Bergen

