God helg!

Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden,
i den fred som bind saman:
éin kropp og éin Ande,
liksom de fekk éi von då de vart kalla,
éin Herre, éi tru, éin dåp,
éin Gud og Far for alle,
han som er over alle
og gjennom alle og i alle. – Efesarane 4:3-6

Gode vener i Norkirken!

På veg inn i haustferieveka samlast vi til gudsteneste på Frekhaug Bedehus søndag kl. 11
Alle er hjarteleg velkommen til bønnemøte før gudstenesta, kl.10:30

Vi heldt fram med den nest siste talen i taleserien, I Kristus, frå Efeserbrevet.
Tema: Vekse i eining og mognad, med Gud som førebilete (Ef. 4–5)
Kongebarna og Sofagjengen.
Kyrkjekaffi – ta gjerne med noko kaffimat + kaffi/te

Fresh reiser på weekend på Wallemtunet frå fredag-søndag. Det blir derfor ikkje noko ungdomskveld på Frekhaug bedehus i kveld.
Neste Fresh på Frekhaug bedehus er fredag 17. oktober.

Neste gudsteneste: søndag 19. oktober – med nattverd.

Impuls 2026

Vi følger opp tradisjonen og arrangerer fellesreise til Impuls 30.jan‑1.feb 2026

Grunna stor pågang til Impuls 2025 arrangeres Impuls Stavanger to helger på rad vinteren 2026. Vi reiser den andre helga.

Buss er bestilt og over 50 konferansepass holdt av.
Påmelding pr mail til Bjørnar, påmeldinga er åpen så lenge det er plass på bussen fram til 30.november.
Sjå biletet over for kort påmeldingsinfo – ta kontakt dersom de ønsker å få tilsendt meir detaljert infoskriv (med priser og info til foreldre m.m.)

Alder: frå 9.klasse og oppover

Saman er vi Norkirken Nordhordland!

Vi trur at Kyrkja bygges i fellesskap av oss, som utgjer dei ulike lemmene på den same kroppen.
Kyrkje er ikkje berre noko vi gjer på søndagar, men noko vi er gjennom liva våre og kvardagen vår.

Vi har plass til nye medarbeidarar i mange ulike tenester.
Ta kontakt dersom du ønsker du å bli med i ei teneste eller berre ønsker ein prat om kva du brenner for og ønsker å bidra med.

Ønsker du å bli med i eit smågruppefellesskap som samlast jevnlig i heimane for å dele tru og liv, og saman utruste kvarandre til å leve i etterfølgelse av Jesus?
Ta kontakt så finn vi ei gruppe til deg. Vi har ni smågrupper for vaksne i Norkirken – både kvinne-/mannsgrupper og blanda grupper. Og vi tilbyr ulike grupper for tweens/ungdommar.

Trenger du nokon å snakke med? – Om tru og tvil, vanskelege val, sjelesorg eller andre ting? I Norkirken har vi både tilsette og frivillige som vi stoler på og som gjerne stiller opp for ein samtale. Ta kontakt med pastor eller nokon i Åndelig lederskap så finn vi nokon du kan snakke med.

 

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland