God helg!

«Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak.»
‭‭Efesarane‬ ‭6‬:‭10‬-‭11‬ ‭

Gode vener i Norkirken!

På søndag feirer vi gudsteneste med nattverd på Frekhaug bedehus kl.11
Som vanleg er det bønnemøte kl. 10.30 – bli gjerne med å legge gudstenesta og det du har på hjartet fram for Gud i bøn.

Vi får besøk av Kristian Bjørkhaug (regionleiar i Normisjon Hordaland) som skal tale om Guds fulle rustning (Ef.6:10–18).
Med det avslutter vi taleserien frå Efeserbrevet.
Det blir samlingar for Kongebarna og Sofagjengen.

Velkommen til kyrkjekaffi og sosialt fellesskap etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te og noko kaffimat til fellesskapet.

Fresh

I kveld, fredag, er det Fresh på Frekhaug bedehus for alle ungdommar frå 8.klasse og oppover. Kl.19.30–22.30

Kva skjer framover i Norkirken

Ungdom

NF: Lørdag 1.november går årets Nordhordlandsfest av stabelen på Nordhordland Fhs. Ein dag med lovsang, tilbedelse, forkynnelse, seminar, aktiviteter, underholdning, basar og godt fellesskap.

Påmeldinga opna mandag, og det har tikka raskt mot fulle hus sidan då. I går kveld var det berre 10 plassar igjen (av 340). Så om det ikkje er blitt fullt sidan då må dei som evt. vil ha plass skynde seg her.

Hugs gjerne på arrangementet og alle som jobber med det i bøn! Be særleg for Hovedkomiteen og dei andre unge medarbeidarane som jobber iherdig på for å bli klar til lørdag om to veker.

Impuls: Vi har òg god påmelding til tur til Impuls 30.jan‑1.febr 2026. Over 30 ungdommar påmeldt busstur og konferanse – framleis 20 plasser igjen. Spre ordet eller inviter med dykk nokon! Påmelding til Bjørnar.

Haustplanen vidare

Kommande gudstenester:

  • Vanlige gudstenester 2. og 16.november
  • G11‑U 30.november
    Med Konfirmantpresentasjon og utdeling av Bibel til 6.,7. og 8.klassingar.
    Afterchurch for ungdom etter Gudstenesta

Hele Norge Ber 2026

Gjennom heile 2026 utfordrast ungdomsarbeid og menigheter til å være med å saman be uavbrutt 24/7 for Noreg!
Impuls og 24–7 Prayer Norway inviterer til denne bønnestafetten – Hele Norge Ber

Saman med Frekhaug Indremisjon har vi meldt oss på og vil saman dekke eit døgn med bønn 11.februar. Vi lagar då eit provisorisk bønnerom på Frekhaug bedehus og ber folk melde seg til vakter på 1–2 timer. Merk dykk dette!

Det er ingenting i vegen for at vi kan melde oss opp fleire døgn ila 2026

Saman er vi Norkirken Nordhordland!

Vi trur at Kyrkja bygges i fellesskap av oss, som utgjer dei ulike lemmene på den same kroppen.
Kyrkje er ikkje berre noko vi gjer på søndagar, men noko vi er gjennom liva våre og kvardagen vår.

Vi har plass til nye medarbeidarar i mange ulike tenester.
Ta kontakt dersom du ønsker du å bli med i ei teneste eller berre ønsker ein prat om kva du brenner for og ønsker å bidra med.

Ønsker du å bli med i eit smågruppefellesskap som samlast jevnlig i heimane for å dele tru og liv, og saman utruste kvarandre til å leve i etterfølgelse av Jesus?
Ta kontakt så finn vi ei gruppe til deg. Vi har ni smågrupper for vaksne i Norkirken – både kvinne-/mannsgrupper og blanda grupper. Og vi tilbyr ulike grupper for tweens/ungdommar.

Trenger du nokon å snakke med? – Om tru og tvil, vanskelege val, sjelesorg eller andre ting? I Norkirken har vi både tilsette og frivillige som vi stoler på og som gjerne stiller opp for ein samtale. Ta kontakt med pastor eller nokon i Åndelig lederskap så finn vi nokon du kan snakke med.

 

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland