God helg!

Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira.
Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis.
Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk. (Matt 5:10-12)

Gode vener i Norkirken,

Velkommen til fellesskap i Norkirken denne helga!

Søndag 16.11 samlast vi til gudsteneste på Frekhaug bedehus kl. 11 – bønnemøte 10.30

Vi markerer søndag for dei forfølgde kristne (som var 9.nov), det vert særskilt fokus på våre forfølgde søsken i trua gjennom forbønn, tale og offer til Stafanus-alliansen sitt arbeid.

Bjørnar taler frå Lukas 10,25–37 (Den miskunnsame samaritanen)
Kongebarna og Sofagjengen
Kyrkjekaffi – ta gjerne med kaffi/te og noko kaffimat!

(Det vert ikkje nattverd denne søndagen, det er satt opp nattverd på begge dei to kommande gudstenestene 30.11 (G11‑U) og 14.12)

Fresh

I kveld er det som vanlig Fresh, for ungdommar frå 8.klasse og oppover, på Frekhaug bedehus kl. 19.30–22.30

Kva skjer framover i Norkirken?

Medlemsmøte torsdag 20.nov – for alle medlemmer i Norkirken!

  • I veslestova på Nordhordland fhs kl 19–21.30
  • Fellesskap kring kveldsmat, bøn og lovsang
  • Eit viktig kontaktpunkt mellom Hovedstyret og menigheten. Revisjonsarbeid med vedtektene vert presentert før det skal opp på årsmøtet vinteren 2026.
  • Tid til samtale om kor vi er og kor vi vil? – Korleis har vi som fellesskap og enkeltmenneske ein del i oppdraget?

Visjonen vår er “Vi vil æra Gud og formidla hans kjærleik”, saman med Normisjon sin visjon, “Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag”, seier dette noko om kva vårt oppdrag er. Bibelen lærer oss at vi er kalla til fellesskap med Gud og med kvarandre, til å elska Gud og vår neste, og til å ta del i Guds misjon i verda. Korleis ser dette ut for oss i dag?
Av og til treng vi ta eit steg tilbake for å sjå på kor vi er og tørre å drømme om kva som kan bli!

Plan for kvelden, og dokument med revisjonsarbeidet av vedtektene vert sendt ut til medlemmar ila dagen.

G11‑U søndag 30.nov

  • Første søndag i advent
  • Konfirmantpresentasjon og utdeling av Biblar til 6., 7. og 8.klassingar!
  • Kongebarna
  • Nattverd og bønevandring
  • Afterchurch for ungdom etter gudstenesta

Gudsteneste søndag 14.des

  • Tredje søndag i advent
  • Kongebarna og sofagjengen
  • Nattverd

Julegudsteneste – Julaftan kl. 15.00 på Nordhordland Fhs

Barnas dag 6.desember er dessverre avlyst

Vi fekk på plass ein komite med representantar frå Norkirken og Knarvik misjonshus ganske seint. Komiteen har kome fram til at vi ikkje har tid nok til å planlegge barnas dag med kvalitet i år. Dei vil bruka det neste året på å få nok folk, planlegge godt, og jobbe videre med kva vi ønskjer og kven vi ønskjer å nå med eit slikt arrangement.

Vi vil likevel seie takk til alle som har meldt seg som frivillige, sjølv om det ikkje vart noko av denne gongen.

Bli med på MER-konferansen!

16.–18.januar 2026 arrangeres MER-konferansen i IMI-kirken i Stavanger.
MER-konferansen kallast “den viktigaste samlinga for framtidas Acta og Normisjon”, og er for frivillige og ansatte, i heile bredda av organisasjonen! Tema for konferansen er “Sammen”, med dei tre fokusområda: Sammen om Bibelen, Sammen om oppdraget og Sammen i tjenesten.

(Underteikna er så heldig å få være med i programkomiteen til konferansen, og vil i all ydmykhet hevde at det blir rikt og spennande innhald på konferansen).

Både staben og fleire frivillige medarbeidarar i Norkirken planlegger allereie å delta. Bli med du òg – meld deg på før 1.desember for early bird-pris!

Meir informasjon, prisar og påmelding finn de her: MER-konferansen

Det kostar ein del å reise på MER-konferansen, men vi trur det er vel anvendte pengar! Dersom nokon ønskjer å reise, men trenger støtte for å reise, kan ein søke driftsstyret v/ John Henanger om støtte.

Felles Alpha i Nordhordland vinter 2026

Fleire menigheter i Nordhordland går saman om å arrangere Alpha i vinter.
Alpha gir ein fantastisk moglegheit til å bli betre kjent med den kristne trua og er ein god plass å invitere med seg mennesker som er nysgjerrige på kva vi trur på.

Alpha fungerer best når det er ein mix av truande og ikkje-truande, der ein saman får utforske nokre av dei store spørsmåla i livet.

Inviter gjerne med deg nokon av dine ikkje-truande vener/familie/naboar – eller nokon som er nye i trua – og gå saman på Alpha! Stadig fleire er opne for kristen tru, og gjennom Alpha tar stadig nye mennesker steg mot å kome til tru eller tar imot Jesus.

Vi bruker Alpha Film Series som undervisning – kjempegode videoleksjoner – etterfulgt av samtale i grupper.

Oppstart torsdag 15. januar – varer i 10 veker.

Impuls

Fellessreise til Impuls 29.jan‑1.febr – for ungdom frå 9.klasse +

Nærmer seg fullt, men framleis plass til nokre fleire. For meir info eller påmelding: mail til bjornar@norkirken-nh.no 

Saman er vi Norkirken Nordhordland!

Vi trur at Kyrkja bygges i fellesskap av oss, som utgjer dei ulike lemmene på den same kroppen.
Kyrkje er ikkje berre noko vi gjer på søndagar, men noko vi er gjennom liva våre og kvardagen vår.

  • Vi har plass til nye medarbeidarar i mange ulike tenester!
    Vi vil òg opprette eit fast nattverdsteam som rullerer på å være med å dele ut nattverd, forberede før og rydde etter. Meld deg gjerne om du ønsker å bli med i nattverdsteam eller i ei anna teneste, så tar vi ein prat om det!
  • Vi har òg ei rekke smågruppefellesskap som samlast jevnlig i heimane for å dele tru og liv, og saman utruster kvarandre til å leve i etterfølgelse av Jesus. Dersom du ikkje er med i ei gruppe, er du hjarteleg velkommen til å bli med!
  • Trenger eller ønsker du nokon å snakke med, har vi både tilsette og frivillige som gjerne stiller opp!

Ta kontakt med pastor eller nokon i Åndelig lederskap

 

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland