God helg og første søndag i advent!

Tenn lys! Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.

På søndag er det første søndag i advent og vi feirer gudsteneste, G11‑U!
Konfirmantpresentasjon: årets konfirmantar er Torleiv Steinhovden og Jonas Reigstad Veland – hugs på dei i bøn!
Ungdomsteamet leder lovsang
Simon Sæle Kjenes taler om temaet: “Har vi tid til Jesus i vår travelhet?”
Kongebarna
Nattverd og bønnevandringFør gudstenesta er det, som vanleg, bønnemøte kl. 10.30
Etter gudstenesta:
  • Kyrkjekaffi for alle som ønskjer,
  • Afterchurch for ungdommar frå 8.klasse og oppover, heime hjå familien Rebnord Ådnanes på Eikanger – pizza, bygging av peppekakehus og andre førjulsaktiviteter. Kjører rett etter gudstenesta, sjåførar trengs!

Fresh

I kveld er det som vanlig Fresh, for ungdommar frå 8.klasse og oppover, på Frekhaug bedehus kl. 19.30–22.30

 

Kva skjer framover i Norkirken?

  • Gudsteneste søndag 14.des kl.11
  • Julegudsteneste – Julaftan kl. 15 på Nordhordland fhs 
  • Oppstart jan 2026 med bønneveke i veke 2 og gudsteneste 11.januar – meir info kjem!
  • Barnas dag 6.des er som tidlegare nemnd avlyst i år.

 

Minner om:

Alphakurs på Frekhaug frå 15.januar på Meieriet Frekhaug – i samarbeid mellom ulike menigheter

Alpha er eit kurs som skapar rom for å utforske dei store spørsmålet om livet, trua og meininga sammen. Ein perfekt arena å invitere med vener som endå ikkje trur på Jesus.

Gi gjerne ein lyd dersom du planlegger å invitere med deg nokon, eller du ønskjer å bidra!

 

Fellessreise til Impuls Stavanger 30.jan‑1.febr – for ungdom frå 9.klasse +

Framleis nokre få plassar igjen på bussen! For meir info eller påmelding: mail til bjornar@norkirken-nh.no 

 

Bli med på MER26! – Den viktigaste samlinga for framtidens Acta og Normisjon

For alle som er engasjert i Normisjon som frivillig eller ansatt, i menighet, misjon, lokallag eller på andre måter.

Fleire frå Norkirken nh er allereie påmeldt – bli med du òg! Prisen stiger 1.desember

Meir informasjon, prisar og påmelding finn de her: MER-konferansen

Mulig å søke Norkirken om støtte til å reise – ta kontakt med John Henanger om det er aktuelt.

 

Saman er vi Norkirken Nordhordland!

Vi trur at Kyrkja bygges i fellesskap av oss, som utgjer dei ulike lemmene på den same kroppen.
Kyrkje er ikkje berre noko vi gjer på søndagar, men noko vi er gjennom liva våre og kvardagen vår.

  • Vi har plass til nye medarbeidarar i mange ulike tenester!
    Vi vil òg opprette eit fast nattverdsteam som rullerer på å være med å dele ut nattverd, forberede før og rydde etter. Meld deg gjerne om du ønsker å bli med i nattverdsteam eller i ei anna teneste, så tar vi ein prat om det!
  • Vi har òg ei rekke smågruppefellesskap som samlast jevnlig i heimane for å dele tru og liv, og saman utruster kvarandre til å leve i etterfølgelse av Jesus. Dersom du ikkje er med i ei gruppe, er du hjarteleg velkommen til å bli med!
  • Trenger eller ønsker du nokon å snakke med, har vi både tilsette og frivillige som gjerne stiller opp!

Ta kontakt med pastor eller nokon i Åndelig lederskap

 

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland