Gode vener i Norkirken!
Velkommen til Julegudsteneste, julaftan kl. 15 i Festsalen på Nordhordland folkehøgskule!
Vi syng kjente og kjære julesongar saman, Juleevangeliet, tale v/ Bjørnar Sæle og musikalske innslag ved “Julekoret” og Sigrid Helene og Odd Martin Reilstad.
Inviter med deg vener og familie frå kvar ein Nordhordlands (eller verdens) krok til å starte julefeiringa med å rette blikket mot krybba og Folkefrelsaren som til oss kom!
Bøneveke – veke 2
Vi startar det nye året med bønneveke i Normisjon region Hordaland i veke 2 – denne veka vil vi legge det nye året fram for Gud i bøn, og ber særleg for misjon, naboar, barn og unge og kristne fellesskap.
Mandag 5.01 kl. 19.30: Bønnemøte på Frekhaug Bedehus
Onsdag 7.01 kl. 19–21: Felles bøn og lovsang i Region Hordaland, Kompagniet, Misjonssenteret på Kronstad (Bjørnsons gate 11), Bergen. Kristian Bjørkhaug leder og Arve Reigstad leder lovsang.
Tirsdag 6.01 / Torsdag 8.01: Bønn for nabolag og lokalsamfunn
Vi inviterer til “bønevandring” rundt om i bygdene/tettstadene vi bur i.
Ein kan f.eks. samlast i ein heim, eller møtast på ein annan passande stad, for så å gå (eller køyre om ein vil dekke eit større område) rundt i nærområdet og be for folk, nabolag, skular, arbeidsplassar, etc. Tid/sted: TBA
Gi gjerne ein lyd dersom du ønskjer å ta initiativ til ei bønevandring i bygda di/tettstaden din ein av desse dagane, så annonserer vi tid og stad for dei ulike bønevandringane i nyhetsbrev på nyåret!
Søndag 11.01. kl. 11: Gudsteneste på Frekhaug bedehus – Bønnemøte 10.30
Ønskjer dykk alle ei velsigna julehøgtid og eit godt nytt år!
mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland
Helsing frå Styreleiaren
No er me på oppløpssida og julefreden kan snart senka seg. Som styreledar vil eg takka deg for året som har gått. Takk til deg som kjem på gudstenester og andre samlingar i Norkirken. Takk til deg som står i ei frivillig teneste. Og takk til deg som ber for arbeidet. Takk også til alle som støttar arbeidet økonomisk gjennom kollekt eller fast gjevarteneste.
Me har vore velsigna med mykje godt. Gode fellesskap i gruppene våre, og mykje folk som kjem på Gudstenestene. Mange flotte ressursar som vil bidra og ungdommar som engasjerar seg. Tusen, tusen takk.

