Start det nye året i bøn

"Når de kallar på meg og kjem for å be til meg, vil eg høyra på dykk. De skal søkja meg, og de skal finna meg. Når de søkjer meg av eit heilt hjarte" – Jeremia 29,12-13

Godt nytt år, gode vener i Norkirken Nordhordland – Håper de har hatt ei fin julehøgtid og inngang i det nye året!

Bøneveke

Normisjon Hordaland inviterer til bøneveke i veke 2 (5.–11. jan) – og Norkirken Nordhordland er med!

Vi ønskjer å byrje 2026 med å søke Gud saman – i fellesskap, i forbøn og i tilbeding.
Gud ønskjer fellesskap med oss. Når vi gir rom for bøn, lar vi Guds lys, godhet og frelse få virke midt mellom oss.

Slik kan du være med:

Du kan delta på fleire måter:

  • Be der du er – aleine eller saman med andre

  • Be for misjon, naboer, barn og unge og kristne fellesskap

  • Bli med på bønesamlingane våre:
Vi inviterer til bønemøte lokalt, bøn og lovsong i Bergen saman med Normisjon Hordaland og Norkirken Bergen, og bøn for lokalsamfunn og nabolag, samt gudsteneste søndag.
Mandag 5.jan kl. 19.30: Bønemøte på Frekhaug bedehus. Bøneteamet leier bøn, felles og i grupper, og Arve Reigstad leier lovsang
Tysdag 6. jan – Bøn for nabolag og lokalsamfunn:
“Bønevandring” i Knarvik, frå Røsvika 2 kl. 18.00Halldis Pollen leier. Ein times vandring i nabolaga med bøn for folk, nabolag, skular, arbeidsplassar, etc.
Onsdag 7.jan kl. 19–21: Felles bøn og lovsang i Region Hordaland, Kompagniet, Misjonssenteret på Kronstad (Bjørnsons gate 11), Bergen. Kristian Bjørkhaug leier samlinga og Arve Reigstad leier lovsang.
Torsdag 8.jan – Bøn for nabolag og lokalsamfunn:
“Bønevandring” på Frekhaug, frå Jonsokgrenda 15 kl. 19.30John og Mariann Urdal Henanger leier. Ein times vandring i nabolaga med bøn for folk, nabolag, skular, arbeidsplassar, etc.
Er det fleire som ønskjer å arrangere tilsvarande bøn for lokalsamfunn der dei bur tysdag eller torsdag (enten vandring eller med bil – om ein vil dekke eit større område), må de gjerne invitere folk til å bli med og gi oss ein lyd om det!
Søndag 11.jan – Gudsteneste kl. 11 på Frekhaug Bedehus.
Vi håper mange vil være med og starte 2026 med forventning til at Gud virker i oss, mellom oss og gjennom oss.

mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland

 

Alpha

Minner om felles Alphakurs i Nordhordland med oppstart 15.januar. Det er framleis mulig å invitere med seg nokon som er nysgjerrig på den kristne trua, nye i trua eller berre ønskjer å bli betre kjend med kva vi trur på. Kurset bruker Alpha sine video-leksjoner, har samtale i grupper og deler måltidsfellesskap saman.

Meieriet Frekhaug, kvar torsdag kl. 19–21, frå 15. januar.

Info og påmelding: alphainordhordland.no